Rock City i Namsos får mindre i statsstønad enn dei hadde håpa på.
Foto: Tariq Alisubh / NRKI statsbudsjettet i 2014 fekk Rock City 6 millionar kroner, no er tilskotet redusert kraftig, til 1,9 millionar kroner i 2015.
Årsaka til at regjeringa vil kutte i tilskotet til Rock City, er at det har blitt mange slike kompetansemiljø i landet.
– Med utviklinga av fleire regionale kompetansemiljø innanfor same musikksjanger andre stader i landet, har behovet for ein samlande nasjonal aktør i Namsos blitt tilsvarande mindre, seier kulturminister Thorhild Widvey (H).
– La meg vere ærleg: Eg syns vi har hatt ei turbulent tid knytta til Rock City. Det er vanskeleg for statlege styresmakter å bli med på å bruke pengane til skattebetalarane til å finansiere Rock City, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) på ein pressekonferanse om statsbudsjettet i Steinkjer.
Han oppmodar no til lokal opprydding rundt rockesenteret.
– Det vil vere det beste for framtida til Rock City, meiner Eriksson.
Vil avvikle tilskotet over to år
Rock City søkte om 9 millionar kroner, håpet var å få seks. No er det klart at regjeringa berre vil løyve 1,9 millionar.
I tillegg tar regjeringa sikte på å avvikle det statlege tilskotet til Rock City over to år.
Styreleiar Gunnar Robert Sellæg presiserer at det kun er et forslag som er lagt fram.
– Men om dette blir vedtatt, vil det vere dramatisk for Rock City, men eg må kome tilbake til eventuelle konsekvensar, seier han.
– Er det kroken på døra for RC?
– Viss dette blir vedtatt, så må vi komme tilbake til det.
– Eg er ikkje samd i premissane frå kulturministeren, om at det ikkje er bruk for eit nasjonalt senter som Rock City.
– Eg meiner tvert imot at det er behov, og at det bør drivast vidare i Namsos der det allereie er etablert infrastruktur, seier Sellæg.
– Nesten betre å ikkje få noko
Ordførar i Namsos, Morten Stene.
Foto: Tarig Alisubh / NRKOrdføraren i Namsos, Morten Stene, er skuffa over det kraftige kuttet.
– Det første eg tenkte, var at dette verken er fugl eller fisk. Det hadde nesten vore betre å ikkje få noko, da hadde det vore kroken på døra. No veit vi ikkje heilt kva dette betyr, seier han.
Men han gir ikkje opp.
– Vi har allereie etablert kontakt med kulturkomiteen, Stortinget og kulturdepartementet. No blir det hektisk møteverksemd, og jobben vår vil vere å vise at det framleis er bruk for Rock City, seier Stene.
- Før statsbudsjettet: Rock City kjemper for livet
- Frykter statsstøtten glipper
- 6 millioner i forrige budsjett: Dette er en pekefinger fra staten
– Det er veldig store faste kostnader på dette anlegget, no må ein sjå på kva som kan gjerast for å betale, seier oppsagt dagleg leiar i Rock City, Åsmund Prytz.
60 prosent av driftsgrunnlaget til Rock City kjem frå staten, og budsjettet er på totalt 10 millionar kroner.
Nøkkelen for tilskot er slik: 60 prosent frå staten, 20 frå fylket og 20 frå kommunen. No når staten ser ut til å redusere tilskotet sitt, vil fylket og kommunen truleg redusere tilskota sine tilsvarande. Det betyr at Rock City sit att med under fire millionar i staden for ti.
Husleiga åleine er på 3,1 millionar i året. I tillegg kjem to millionar i avdrag på lån. Dermed er dei faste utgiftene på 5,1 millionar.
Fylkesråden: – Ikkje lokalt ansvar
May Britt Lagesen (Ap) er fylkesråd for mellom anna kultur.
Foto: Nord-Trøndelag fylkeskommuneRock City er eigd av Namsos kommune og vart etablert som eit supplement til Rockheim i Trondheim. Statsbudsjettet slår ettertrykkeleg fast at Rock City Namsos nå er eit lokalt ansvar.
Men det vil ikkje fylkesråd for kultur, May Britt Lagesen (Ap) vere med på.
– Eg er usamd i at det er eit lokalt ansvar å drive eit nasjonalt senter. Det å tru at det lokale og regionale leddet skal ta over dei økonomiske forpliktingane for å drive eit nasjonalt senter, er søkt, seier ho.
Ho er skuffa over forslaget om å kutte stønaden til Rock City, og er kritisk til kulturministeren.
– Her har vi ein statsråd som fråskriv seg ansvar og fråskriv seg dei vedtaka som er gjort i Stortinget. Ho forheld seg ikkje til stortingsmeldingane, seier Lagesen.
Rock City har fleire gonger fått kritikk for å ikkje ha oppfylt det nasjonale mandatet om å vere eit kompetansesenter for pop og rock, og i staden ha blitt eit trønderrockmuseum.