Etter at NRK Trøndelag i går avslørte at opp mot 150 narkomane i Trondheim prostituerer seg på gata, seier varaordførar Knut Fagerbakke at dette må skje i det skjulte.
- Det kan godt vere at vi er for naive og ikkje ser det som skjer rett framfor nasen på oss, seier Fagerbakke (SV).
Prostituerte gøymer seg
At gateprostitusjonen skjer i det skjulte stadfesta ei narkoman kvinne for NRK Trøndelag i går ettermiddag. Ho har tidlegare sjølv selt sex til kundar i Trondheim.
- Det er rart at folk seier at det ikkje eksisterer gateprostitusjon i Trondheim, for det finst mykje av det. Det er spesielt på torget jentene prostituerer seg, og der er det jo folk heile tida. Jernbanestasjonen er også ein populær stad, der det er prostitusjon frå morgon til kveld.
Meir førebyggande arbeid
Varaordføraren meiner Trondheim kommune må halde fram med førebyggande arbeid for å få bukt med gateprostitusjonen.
- Vi må i første omgang prøve å få jentene og gutane ut av det rusmiljøet dei er ein del av og så få kontroll over den uønskt åtferda, seier Fagerbakke.
Forbod mot kjøp av sex?
Fagerbakke ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å kriminalisere kjøp av sex i Noreg.
- Dette er ein aktuell debatt i mange parti. Eg trur det kan bli fleirtal for å forby kjøp av sexuelle tenester når partia skal diskutere dette på landsmøta sine til våren, seier Fagerbakke.