Hopp til innhold

Åtvarar mot forskjellsbehandling av uvaksinerte

Måten fleire land i EU skil mellom vaksinerte og uvaksinerte bør skremme, meiner overlege i FHI, Preben Aavitsland.

Preben Aavitsland

ÅTVARAR: Overlege i FHI, Preben Aavitsland.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

«Fra et smittevernsynspunkt er det meningsløst, men politikerne får vise handlekraft og innbille folket at epidemien bekjempes mens man egentlig bare plager det uvaksinerte mindretallet.»

Det skriv overlege i FHI, Preben Aavitsland om at mange land no forskjellsbehandlar vaksinerte og uvaksinerte.

Han skriv det i eit blogginnlegg under tittelen "Frihet, likhet og beredskap" på bloggen epidemi.no. Innlegget der vart først publisert i Fædrelandsvennen.

Aavitsland seier til NRK at han ikkje ynskjer å kommentere dette ytterlegare.

Fleire har tatt til orde for å ta i bruk liknande virkemiddel i Noreg, mellom anna bystyret i Trondheim.

Meiner ordninga fører til vaksinepress

Aavitsland meiner ei ordning med passersetlar ikkje vil bremse epidemien i Noreg fordi koronavaksinerte kan smitte andre koronavaksinerte.

«De vaksinerte på nattklubben eller konserten smitter seg imellom selv uten at det er noen uvaksinerte til stede», skriv han.

«Dessverre fører ordningen til at noen føler seg nødt til å ta flere vaksinedoser enn de trenger. Jeg er redd det blir bare verre før EU-byråkratene i Luxembourg og politikerne i EUs en gang innser hva de holder på med ", skriv han vidare.

Vurderer koronasertifikat

I førre veke fortalde regjeringa at dei hadde gjeve Helsedirektoratet og FHI i oppgåve å vurdere konkrete forslag til forskrift om korleis koronasertifikat kan takast i bruk på arrangement og serveringsstader.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier regjeringa er opne for å ta bruk koronapass.

– Viss ein skal bruke det for å lette på smitteverntiltak må vi ha ei smittevernfagleg grunngjeving for det. Når vi ser at fullvaksinerte med tre dosar blir smitta og sjuke, så har det litt avgrensa effekt, men vi er opne for å ta det i bruk seier ho til NRK.

Om det ikkje er smittevernfagleg grunnlag for å ta i bruk koronasertifikat, må Stortinget vedta det.

– Viss vi skal bruke vaksinepass på ein slik måte at det ikkje er som ei smittevernfagleg grunngjeving, så må vi ha ein ny lovheimel, seier Kjerkol.

Bildet viser Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO, som sitter i en hvit lenestol i en stue.

Nina Melsom, direktør for arbeidsliv i NHO

Foto: Moment Studio NHO / Moment Studio

Solberg vil ha debatt

Arbeidslivsdirektør i NHO, Nina Melsom, meiner bruk av koronasertifikat kan vere med å få opp aktiviteten i samfunnet igjen på ein god og trygg måte.

Ho understrekar at tiltaket eventuelt bør bli gjennomført på ein smidig og omtenksam måte.

– Vi meiner at koronasertifikat vil vere eit viktig virkemiddel for å få hjula i gang, slik at folk flest får tilbake meir normalitet i liva sine. Sannsynlegvis må vi leve med covid-19 lenge, og koronasertifikat kan bidra til at vi kan leve meir normalt, seier ho.

NHO meiner det kan beskytte dei som kan bli alvorleg sjuke av korona, og beskytte helsevesenet mot overbelastning.

– Det må sjølvsagt bli tatt omsyn til dei som av helsemessige årsaker ikkje kan ta vaksinen. For desse må det finst praktiske løysningar, seier Melsom til NRK.

Høgreleiar Erna Solberg tok i eit intervju med VG i går til orde for ein debatt om dei uvaksinerte.

– Det er noko som heiter at min fridom stoppar der andres begynner. Det er forståeleg at mange nå meiner at de som vel å ikkje vaksinere seg, legger avgrensingar på fridomen til det store fleirtalet, sa Solberg til VG.

Fleire i kulturbransjen har gått enda lengre enn ho og kravd at det blir innført koronapass.

Siste fra Trøndelag

Nils Åge Nonstad

Mandagens Midtnytt er ved Nils Åge Nonstad

Mandagens Midtnytt er ved Nils Åge Nonstad