Hopp til innhold

Her trakka og hoppa tiltalte på mor si fleire gonger

– Då drapstiltalte ringde 112 sa han at han hadde dytta og hive mora ned trappa. I retten har han forklart at han meinte å skyve henne inn på kjøkenet som ligg like ved trappa. Sonen (34) meiner han handla i naudverje.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet

FUNNEN DØD. Mora hamna på denne avsatsen i trappa som held fram ned i første etasje.

Foto: politiet

Sør-Trøndelag tingrett fekk tysdag høyre naudsamtalen frå 9. september i fjor. Det var tiltalte som ringde politiet på 112. AMK-sentralen vart raskt kopla på. Før det hadde han ringt den tidlegare kjærasten sin og ho kom til huset. Så ringde tiltalte forsvarer Torfinn Svanem, som tiltalte kjenner frå før.

– Eg har inga styrke i kroppen

Samtalen startar slik:

TILTALTE:

– Eg ringer for å seie at eg har vorte angripe av mi eiga mor i huset der eg er. Ho var så aggressiv at eg har dytta henne ned trappa og sparka henne. Ho er mest sannsynleg død.

AMK: – Kva skjedde?

TILTALTE:

– Ho kom på umeldt besøk. Eg stod på stova og så ville ho forbi. Så vart ho ufin og aggressiv og tok fatt i meg. Eg fekk sånn sjokk at eg heiv henne ned trappa.

Like etter blir tiltalte spurt om han har starta hjarte- og lungeredning. Han svarer:

– Eg har inga styrke i kroppen.

Veninna hans seier på telefon at dei skal snu kvinna på magen.

– Men ho er død, seier venninna.

Den 60 år gamle mora låg på avsatsen i trappa då ambulansen kom til huset like etter samtalen. Legen erklærte henne død.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet.

ÅSTADEN: Trappa der avdøde vart funnen er like til venstre for inngangen til kjøkenet.

Foto: Politiet

Tiltalte fortalde i retten måndag at han vart livredd då mora kom på uanmeld besøk og at ho angreip han.

Han meiner han freista å skyve henne inn på kjøkenet som er like ved trappa. I staden ramla ho ned trappa. Då ho freista å kome seg opp att, trakka han på henne to gonger og hoppa på overkroppen hennar ein gong.

– Tiltalte var oppgitt, resignert og lei seg

Legen som først kom til åstaden sa i retten tysdag at den no tiltalte verka «oppgitt, resignert og lei seg» etter det som hadde skjedd. Tiltalte skal også ha sagt at mora hadde vore valdeleg. No hadde han «tatt igjen og denne gongen gjekk det gale», slik legen hugsar det igjen i dag.

Den tidlegare kjærasten er i dag god ven med tiltalte, sa ho i retten. Då han bad henne kome til huset drapsdagen sa han at mora hans hadde angripe han, klora og lugga han. Veninna høyrde tiltalte var livredd og ho tenkte at det måtte ha «rabla» for mora hans, sa ho i retten. Først då ho kom til huset sa tiltalte at mora låg i trappa. Veninna freista å snu henne mens ho snakka med AMK, men fekk det ikkje til.

Venninna hadde mykje kontakt med tiltalte også etter at dei ikkje var kjærastar lenger. Ho beskreiv han som ein «frykteleg snill, ærleg og ekte og lojal mann.»

Ho sa ho tidleg meinte at han og mora hadde eit konfliktfylt forhold. Mora hans var svært kontrollerande, meinte vitnet og fortalde om fleire episodar ho meiner viste det. Han hadde også fortalt venninna om valden mora skal ha utsett han for.

Om det som har skjedd etter at mora vart drepen, sa venninna:

– No er han (N.N. namn på tiltalte) utsett for nok eit traume.

Dødsfall Byåsen i Trondheim. Forsegla dør.

INNGANGEN TIL HUSET. Plombert av politiet etter drapet.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Kvifor nemnde du ikkje noko om valden frå mor i dei tre politiavhøyra du var i, spør aktor.

Venninna svarer at ho var i sjokk. Ho visste ikkje kva ho kunne seie og sa at hjernen «stod stille».

Morfar har aldri høyrt om at dottera var valdeleg mot sonen

Faren til avdøde skildra det tiltalte barnebarnet sitt slik:

– Snill, frykteleg snill. Han var oppofrande mot alle. Eg har aldri sett han sint,

Morfaren i 80-åra stadfesta at tiltalte vart mykje mobba gjennom heile skuletida.

I det første politiavhøyret drapskvelden sa morfaren at han ikkje trudde tiltalte hadde mot til å gjere mora noko.

Om den drepne dottera si sa vitnet at ho nok kunne vere litt egoistisk.

– Vart ho lett sint, spør aktor Unni Sandøy.

– Ikkje noko spesielt.

Morfaren har aldri høyrt om at dottera skulle ha vore valdeleg mot sonen.

I politiavhøyr sa han mellom anna at dottera var «sjølvstendig og i godt humør. Ho lyste opp der ho kom.»

Far til avdøde sa at han håper barnebarnet blir frifunne, Hvis det skjer, vil morfaren at dei to skal bu i lag.

– Men det kan vel ikkje bli i ..(adressa til drapsstaden).

Livløs kvinne funnet på Byåsen i Trondheim.

GRANSKING: Politiet var på eigedomen dagen etter drapet.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK