Myrvold ordførar på Ørland
Etter valet låg det an til at Finn Olav Odde (Sp) skulle bli ny ordførar i Ørland, men då kommunestyret i nye Ørland kommune skulle konstituerast i dag tok saka ei dramatisk vending, skriv Fosna-Folket. Under avstemminga fekk Tom Myrvold (H) 22 stemmer, mens Odde fekk 13 stemmer.