Rundt 80 hundeeigarar med hundespann står klare til start, når Finnmarksløpet blåsast i gang i Alta klokka 12 på laurdag. Når dei vil vere passere målstreken i Alta sentrum er ikkje godt å vite, men pressesjef i Finnmarksløpet, Niels Westpahl satsar på å ha vinnaren klar fredag i neste veke. Og han ser ikkje bort i frå at det kan bli ein finnmarking.
Lokale favorittar
- Vi har mange deltakarar frå Finnmark, og eg reknar med at mange av namna som vil hevde seg heilt i toppen kjem herifrå. Det er nesten opplagt, meiner Westpahl, som òg opplever stor interesse frå utanlandske køyrarar.
Han trur lokale køyrarar kan hevde seg både i det korte løpet på 500 kilometer og i det 1000 kilometer lange hovudløpet.
- På det korte løpet er det svært vanskeleg å spå, for det er så jamnt. Men vi har både altaværingar, tanaværingar og vadsøværingar som kan ta sigeren her, trur Westpahl. I fjor fekk Finnmark tredjeplassen på det korte løpet.
Spennande innspurt
Førstepremien i hovudløpet kan fort hamne i Alta, etter 1. og 2. -plass i fjor.
- Vi må vel rekne med at Roger Dahl og Harald Tunheim frå Alta kjem til å forsvare siger og andreplass frå i fjor, og ligge i tet, seier Niels Westpahl, som gler seg stort til å sjå vinnarane køyre i mål i Alta sentrum. Det har aldri blitt gjort før.
- Kanskje blir det sånn at du går på butikken for å kjøpe nye sokkar, og plutseleg kjem det eit hundespann forbi. Det blir spennande, trur Westpahl.