Hopp til innhold

Russisk minister opnar ny grenseveg i Finnmark

Russlands transportminister Maksim Sokolov vil vere til stades når den nye europaveg 105 mellom Russland og Noreg opnar om to veker.

Bøkfjordbrua settes på plass

Den 284 meter lange brua over Bøkfjorden vert her heist på plass tidlegare i år. Når nye E105 opnar om to veker vil den russiske ministeren for transport vere til stades.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Maksim Sokolov

Russlands transportminister Maksim Sokolov opnar nye E105 mellom Noreg og Russland.

Foto: Den russiske regjeringen

Det melder Statens vegvesen i ei melding.

– Russland er eit stort land med mange grenseovergangar. At den russiske ministeren for transport vel å kome til Sør-Varanger er dette eit uttrykk for at forbindelsen i nord vert sett på som viktig for Moskva og Russland, seier vegregionsjef Torbjørn Naimak i Statens vegvesen.

Også Noregs samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil vere til stades under opninga saman med ei rekkje andre politikarar og representantar frå offentlege etatar.

Betre veg mellom Murmansk og Kirkenes

Sidan 2013 har det vore arbeid på den rundt ti kilometer lange vegstrekningen frå Bjørkheimkrysset i Sør-Varanger fram til grensekryssingsstasjonen på Storskog.

Trafikken er lagt om utanfor bygda Elvenes, og om to veker blir snora for den nye tunnelen gjennom Trifonhøgda og ny bru over Bøkfjorden kutta.

Kaare Ramberg

Kaare Ramberg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

Prosjektet på norsk side, som også inkluderer ein del arbeid langs vegtraseen, kostar i underkant av 800 millionar kroner, seier prosjektleiar Kaare Ramberg i Statens vegvesen.

– Vi har fått på plass ein veg som svarer til alle tryggingskriterium for moderne bygging. Det er ikkje mange år sidan at vegen både på norsk og russisk side av riksgrensa var særs dårleg, med hol og mykje kurver. Russarane seier no at det er blitt behageleg å køyre til Kirkenes for å handle. Vi håper jo vegen vil bidra positivt for lokalt næringsliv, seier Ramberg.

Også arbeid på russisk side

Dei siste åra har russiske styresmakter oppgradert heile vegstrekningen frå Murmansk til grensa, ei strekning på om lag 200 kilometer.

I sommar har Russland lagt siste hand på vegstrekningen frå riksgrensa og fram til sjekkpunktet utanfor Nikel, ei strekning på 17 kilometer.

– Det arbeidet som er gjort der er imponerande. Her har ein fått på plass ein kremveg som held topp europeisk standard heile vegen fram til Zapoljarnij, seier Ramberg.

Symboltung opning

Opninga vil føregå på begge sider av den norsk-russiske grensa, opplyser vegvesenet.

Først vil delegasjonen opne vegen på russisk side før ein flyttar seg til Bøkfjordbrua på norsk side.

Det symbolske i ei slik fellesmarkering der også den russiske regjeringa er representert er viktig, meiner Ramberg.

– Vi er glade for å endeleg kunne gje frå oss eit prosjekt som har fått mykje omtale. Det at vi har ei fellesopning viser kor godt samarbeidet mellom våre vegstyresmakter er trass den politiske situasjonen, seier Ramberg.

– Prosjektet er eit viktig resultat av både Barents-samarbeidet og den norske satsinga i nordområda, seier vegregionsjef Naimak.