Hopp til innhold

Rekordår for Noregs mest trua fugl

Heile 137 fuglar, inkludert 83 ungar, av den kritisk trua dverggåsa er registrert i år. Det er det beste resultatet sidan overvakinga starta i 1990.

Dverggås

Dverggåsa har fått rekordmange ungar i år.

Foto: Knut-Sverre Horn

Miljødirektoratet har registrert 83 nye dverggåsungar i år. Det er ein stor kontrast til tidlegare år, med berre ein unge i 2020, fire ungar i 2021 og sju i fjor.

– Dette er ei fantastisk nyheit, som både overraskar og gler stort etter mange tiår med låg ungeproduksjon. I år har den kritisk trua dverggåsa hatt eit historisk hekkeår, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dramatisk nedgang

Dverggåsa var ein vanleg fugleart i Nord-Noreg fram til midten av førre hundreår, med ein hekkebestand på rundt 10.000 individ. Seinare følgde ein dramatisk tilbakegang, som følgje av massiv jakt, både i Noreg og langs trekkrutene.

– Dverggåsa er i dag kritisk trua. I perioden frå 2000-2023 har det berre vore 20-35 par, og alle held til i eitt lite hekkeområde i Finnmark. Sidan dette er det einaste attverande hekkeområdet i Europa, har vi i Noreg eit spesielt ansvar for å ta vare på denne bestanden, seier miljødirektør Hambro.

Ellen Hambro. Miljødirektoratet.

Miljødirektør Ellen Hambro fortel at dverggåsa er kritisk trua.

Foto: Geir Mogen

Dverggås er ein av 14 artar som har status prioritert art etter naturmangfaldlova. Når ein art er vedtatt som prioritert art, er det forbode å ta livet av, skade eller øydeleggje den prioriterte arten.

Har avgrensa ulovleg jakt

Dei positive tala fører til entusiasme blant forskarar, styresmakter og frivillige som har lagt ned ein solid innsats i overvakings- og vernearbeidet langs heile trekkruta, frå Noreg, via Finland, Estland, Ungarn og til Hellas der dverggåsa held til om vinteren.

– Gjennom eit felles EU-program meiner vi at vi no kan å sjå resultata av mange års hardt arbeid for å avgrense den ulovlege jakta på dverggåsa og dermed auke overlevinga hos dei vaksne fuglane, seier Hambro.

Dverggås

Det gode smågnagaråret har gitt gode resultat for dverggåsa.

Foto: Knut-Sverre Horn

Sidan fjelløkosystemet, som dverggåsa er ein del av, blir påverka av klimaendringane, kan dverggåsa få dårlegare vilkår i åra som kjem.

Når vintrane bli meir snøfattige og vi får meir is på bakken, får ein færre smågnagarar, som igjen fører til at raudrev og anna rovvilt et egg og ungar av dverggåsa. I år var det spenning knytt til om det gode smågnagaråret ville gi resultat for dverggåsa, og det har vist seg å stemme.

Les også Fjellreven yngler i hopetall – og blir mindre avhengig av fôring

Fjellrevvalper på Varangerhalvøya