Hopp til innhold

Nyutdanna sjøfolk får ikkje nødvendig fartstid på havet

200 nyutdanna kadettar ventar på praksisplass på norske skip. Å få den nødvendige fartstida er ikkje berre enkelt for dei unge.

Bjørn Erik Opgård på ferje

Bjørn Erik Opgård er nyutdanna kadett, men får ikkje praksisplass på eit skip. Derfor jobbar han no som vikar på ei ferje som billettør.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Bjørn Erik Opgård er ein av mange som har tatt utdanning for å bli styrmann på skip. Medan han ventar på kadettplass, er han no vikar som ferjebillettør.

– Du må vere løysingsorientert, og du må søke og søke etter jobb. Du må ta jobb som matros, lettmatros, nesten kva som helst. Det gjekk så langt at eg gjekk på Nav og spurte om eg kunne få arbeidspraksis via Nav, fortel altaværingen.

Opgård og mange hundre andre studentar treng praksisplass på skip for å få maritimt sertifikat. Men – å få kadettplass på havet er vanskeleg.

Fleire organisasjonar NRK har snakka med, er engasjerte i saka. Trond Løfgren i Norges sjøoffisersforbund er uroa for at dei nyutdanna sjøfolka ikkje får den nødvendige fartstida på havet.

– Konsekvensen kan i yttarste fall vere at du ikkje får bruke utdanninga di til det du har aller mest lyst til å gjere, seier Opgård.

Kadetten sitt ansvar

Tor Egil Fjelde har ansvaret for den nasjonale kadettdatabasen i Maritimt Forum. Han seier at opplæring på norske skip er nødvendig for at dei som har satsa på maritim utdanning skal få sertifikatet sitt.

– Ein kadett har fullført fagskulen for å bli styrmann eller maskinist. Vedkommande må ha seks månadar fartstid etter fullført og bestått fagskule. Den som har tatt høgskule, må ha tolv månadar etter godkjent eksamen, seier Fjelde og utdjupar:

– Det som er utfordringa her, er at når dei har bestått, så må dei ha praksistida etter skulen. Den må dei ha fullført innan fem år etter bestått eksamen. Og det er kadetten sitt eiget ansvar å skaffe seg den praksisen. I år er det ekstra krevjande fordi vi er inne i ein bølgedal.

Karin Gjerløw Høidahl i kompetanseavdelinga i Norges Rederiforbund, seier at dei jobbar for å skaffe fleire kadettplassar:

– Norsk maritim kompetanse er viktig å sikre framtida og næringa generelt. Vi har jobba fram ein ekstraordinær avtale no som gjer at kadettane fråskriv seg sin rett til å få hyre og reisetilskot direkte frå reiarlag, medan dette no blir utbetalt direkte frå stiftinga Norsk maritim kompetanse.

Vil ha fleire plassar

I løpet av hausten kan det skje ei betring av situasjonen. Trond Løfgren i Norsk Sjøoffisersforbund seier at ei løysing kan bli at mindre ferjer blir godkjent som praktisk opplæringsstad.

For Bjørn Erik Opgård er det viktig å få brukt utdanninga si, sjølv om han akkurat no jobbar som ferjebillettør:

– Eg har berre lyst til å vere på havet. Eg har satsa så mykje pengar og energi på å vere på havet. Å gjere noko anna, det blir meiningslaust.

Bjørn Erik Opgård på ferje

For Bjørn Erik Opgård er det livet på havet som gjeld.

Foto: Øystein Antonsen / NRK