Hopp til innhold

Fryktar heile næringa døyr ut i Noreg

Heile den norske kvitfisknæringa står i fare for å bli lagt ned eller flagga ut, fryktar fagforbund. Hjørnesteinsbedrifta i vesle Gryllefjord på Senja er ei av bedriftene som kan forsvinna.

TORSK

NNN fryktar heile kvitfisknæringa i Noreg kan døy ut.

Foto: Nina kristiin Vraa / nrk

Dei førti tilsette ved fryselageret til fiskerikonsernet Nergård i Gryllefjord på Senja i Troms fryktar for å mista jobben for godt. Dei er no alle permitterte på ubestemt tid, skriv Folkebladet.

Dei er ikkje åleine, for kvitfisknæringa slit langs heile Norskekysten.

Fryktar utflagging

NNN

Forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i NNN.

Foto: Ilja C. Hendel

– Me ser at fleire vel å leggja ned, seier forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i Norsk Nærings- og nytelsesmiddelarbeider-forbund, NNN.

– Det byrjar å bli lite att av heile den norske filetnæringa, seier Pedersen.

– Dette skuldast at politikarane har tatt alt for stor omsyn til fiskarane, og tenkt lite på kva som skal skje når fisken kjem på land.

– Ein forferdeleg situasjon

Tommy Torvanger

Konsernsjef i Nergård, Tommy Torvanger, forteller at dårlige økonomiske resultater er årsaken til at fryselageret i gryllefjord legges ned.

– Årsaka til at fryselageret i Gryllefjord kan bli lagt ned, er at me har svært dårlege økonomiske resultat, seier konsernsjef i Nergård, Tommy Torvanger.

– Det er ein forferdeleg trasig situasjon, fordi me veit at me er ei hjørnesteinsbedrift i bygda, seier konsernsjefen.

Han er einig med fagforbundet at feilslått fiskeripolitikk har sin del av skulda.

– Ein har vore altfor lite flinke til å tenka på heilskapen i verdikjeda, at kvart ledd må lønna seg.

– Framtida til flåten er at ein kan tena pengar også på land, seier Torvanger.

Kan få store konsekvensar

NNN er klare på at det må store politiske endringar til om næringa skal reddast.

– Me er veldig bekymra for framtida, for det krev politisk mot og vilje for å få gjort dei nødvendige nedringane, seier Jan-Egil Pedersen.

– Viss ikkje me gjer noko snart på dette området, er me redd heile næringa vil flagga ut.

Fullt så pessimistisk er ikkje konsernsjefen i fiskerikonsernet.

– Eg trur norsk kvitfisknæring fins også om fem år, men den vil vera langt annleis enn kva den er i dag.

– Me må igjennom store, strukturelle endringar, seier Nergård-sjef Tommy Torvanger.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark