Hopp til innhold

Fleire svindelforsøk i Troms – politiet åtvarar

Fleire som er forsøkt svindla tek kontakt med politiet i Troms.

– Det verkar som det er ei lita bølge no, og vi ber folk vere forsiktige, seier operasjonsleiar Robin Åsheim Lindberg i Troms politidistrikt til NRK.

Folk har blitt kontakta via telefon, eller ved at personar har kome heim til dei og teke kontakt.

Det er berre i Tromsø at personar har møtt på dørene. Når det gjeld telefonsvindel, har det skjedd fleire stader i Troms, ifølge politiet.

– Svindlarane utgir seg for å drive med innsamling, og er ute etter personlege opplysningar, som gjer at dei kan få tilgang til bankkontoar.

Ifølge avisa iTromsø, opplever Kirkens Bymisjon at nokon utgir seg for å vere dei, og forsøker å svindle folk for pengar. Kirkens Bymisjon Tromsø har også lagt ut ei åtvaring på si Facebook-side.

Politiet oppfordrar alle til å ikkje gje ut personlege opplysningar til ukjente personar, eller legge til nokon i sosiale medium som ein ikkje kjenner.

Politistasjonen i Tromsø
Foto: Jørrn Inge Johansen