Finnmark mistar éin stortingsplass frå 2025
– Dagens fem stortingsrepresentantar blir redusert til fire etter valet i 2025. Akershus får mandatet Finnmark mistar.
Det fortel valforskar Bernt Aardal til avisa iFinnmark.
Ifølge hans eigne utrekningar, gjort ut av føresegnene i Grunnlova, treng Finnmark 3000 fleire innbyggarar for å ikkje miste den femte plassen.
Det offisielle svaret kjem først etter at den nye vallova trer i kraft 1. mai.
– Sidan førre berekning i 2020 har Akershus fått heile 46.500 fleire innbyggarar, og aukar med det frå 19 til 20 mandat, mens Finnmark har mista rundt 400 innbyggarar og taper eitt mandat. For dei andre fylka er det inga endring, seier Aardal til avisa.