Hopp til innhold

Opplever auka GPS-jamming: Tar grep i nord

Jamming er eit aukande problem i nord. Derfor opnar regjeringa et nytt kontor for å betre beredskapen.

10.000 fot i lufta over Øst-Finnmark måler norske myndigheter frekvensforstyrrelser fra Russland.

Det siste året har fleire fly opplevd forstyrringar på navigasjonssystemet. Bildet er tatt i ein annan samanheng.

Foto: Sebastian Faugstad / NRK

Regjeringa opprettar eit nytt kontor for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i Tromsø.

Det gjer dei for å styrke sikkerheit og beredskap i nord.

Årsaka er aukande GPS-forstyrringar i Aust-Finnmark, på Svalbard og i Barentshavet.

– Auka nærvær i nord, og i Tromsø, er viktig for å styrke sikkerheita i Noreg.

Det seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) som sitter ved et bord.

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) lanserte nyheita på satellittselskapet KSAT i Tromsø.

Foto: Tove Jensen / NRK

Måndag besøkte ho Tromsø.

Ministeren hadde nyheita om etableringa med seg i bagasjen.

– Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit speler ei viktig rolle i å trygge sikkerheita vår. Det trygger sikkerheita vår. Det gjer dei med å føre tilsyn og kontroll, og å finne ut av GPS-signal som blir forstyrra, seier Tung.

Les også Frykter GPS-jamming i Barentshavet: – Alvorlig

Åsgeir Henriksen fra Nkom om bord på KV «Barentshav» med måleutstyr for å avdekke GPS-jamming

Strategisk knutepunkt

Tromsø-kontoret skal betre beredskapen i nord etter aukande GPS-forstyrringar som jamming og spoofing.

Nkom har over tid sett at forstyrringane utgjer alvorlege sikkerheitsutfordringar for mellom anna sjøfart og transport.

Nkom-direktør John-Eivin Velure seier Tromsø er eit strategisk knutepunkt for å handtere utfordringane i Finnmark og Svalbard.

– Vi skal klare å komme oss nord, sør og aust i landsdelen på ein god måte. Det er samarbeidsaktørar her i Tromsø. Og det er eit godt rekrutteringsgrunnlag når vi skal få tak i kompetente fagfolk, seier han.

Nkom-direktør John-Eivin Velure

Nkom-direktør John-Eivin Velure.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Så seint som førre veke slo fiskarar bekymringsalarm. Både Kystvakta og fleire fiskefartøy har mista GPS-signala ved fleire høve i august.

Nkom opplyste sjølv i juni at det over lengre tid har vore daglege GPS-forstyrringar i luftrommet over Aust-Finnmark knytt til jamming.

Også Svalbard er utsett.

– Når forstyrringane «narrar» signala, kan vi ikkje lenger stole på apparata. Det gjeld enten ein er i fly eller til havs. Det er alvorleg, for dette er kritisk infrastruktur, seier han.

Les også Frykter GPS-jamming i Barentshavet: – Alvorlig

Åsgeir Henriksen fra Nkom om bord på KV «Barentshav» med måleutstyr for å avdekke GPS-jamming

– Løyser ikkje alt

Direktøren i Nkom seier at nærværet i Tromsø vil gi raskare reaksjonstid.

– Det hastar å få løyst det problemet, seier Velure.

Han forklarer at det ikkje nødvendigvis er slik at desse forstyrringane er noko dei kan fikse.

Nytenking blir derfor ei viktig oppgåve for Tromsø-kontoret.

Les også Har avdekket nye alvorlige GPS-forstyrrelser nær Russland

10.000 fot i lufta over Øst-Finnmark måler norske myndigheter frekvensforstyrrelser fra Russland.

Det er framleis uklart kor mange tilsette kontoret skal han. Kontoret skal vere på plass i 2026.

– Korleis kjem de nærare ei løysing av problemet ved å ha eit kontor i Tromsø?

– Vi får lokal kunnskap og kjennskap med å ha eit kontor her. Vi kan også samarbeide med relevante aktørar.

– Men Nord-Noreg er eit gigantisk område. Så det løyser ikkje alt å etablere seg i Tromsø. Men vi trur staden er ein god hub for lokal kunnskap i nord.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark

Portrett av student som står inne på et universitet

Amanda Balteskard vil bruke mer tid på venner og mindre på Instagram

et par menn som jobber med en bilmotor

Vernepliktig: – Jeg er en del av noe mye større

To menn i vinterklær bærer pakker og går inn i vinterlandskap

Skulle krysse fjellet med sekken full av dop: – Vi gadd ikke

en mann med briller foran en bygning

Helse Nord-topp går tilbake til vikarlønn

en vei med steiner og et skilt

Steinras på E45: – Store stein har rast ut