Hopp til innhold

«Noregs dårlegaste veg» får ny asfalt

Denne veka startar arbeidet med å utbetra ein seks kilometer lang strekning på den berykta vegen til Pasvik.

Fylkesvei 885, Pasvikdalen

Jodå, vegaksjonist Kurt Wikan i Pasvik kan snart gle seg over at seks kilometer veg vert ny.

Foto: Bård Wormdal / NRK

Det er Statens vegvesen som sjølv melder dette på sine nettsider.

Det er strekninga på fylkesveg 885 frå avkøyringa mot Sydvaranger gruve og fram til Ørnevassbekken før Langvasseid som skal oppgraderast.

20 millionar kroner

Finnmark fylkeskommune satte tidlegare i år av totalt 20 millionar kroner til arbeidet på vegen til Pasvik, eit arbeid som entreprenøren Mesta AS har vunne.

Prosjektleiar Kaare Ramberg opplyser at arbeidet vil vere ferdig i oktober, og seier bilistar må vere budd på at hastigheita vert satt ned på strekninga, samt at det vert satt inn lysregulering.

– Me vonar trafikantane kan leve med slike ulemper i to og ein halv månad medan anleggsarbeid pågår, seier Ramberg.

Kostar 250 millionar å fikse heile strekninga

Vegen til Pasvik vert kalla Noregs dårlegaste veg av lokale aksjonistar, og er i ei slik dårleg stand at Statens vegvesen sjølv rapporterer at det vil koste minst 250 millionar kroner å sette vegen i akseptabel stand.

Ramberg i vegvesenet seier dei no vil gjere eit nær kirurgisk inngrep i vegen, og ikkje berre leggje asfalt på toppen:

– I staden for å klatte asalt å ei lengre strekning og risikere at vegen er like dårleg igjen om nokre få år, kjem me til å skifte ut massar slik at vegen får betre bæreemne. Me vil også rette ut ein del svingar slik at vegen får ei god linje, seier Ramberg.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark