NRK Meny
Normal

Tvingast til samisk

Norsktalande elevar i Karasjok blir diskriminert, meiner foreldra.

Norsktalande foreldre i Karasjok meiner Karasjok barne- og ungdomsskole diskriminerer dei, fordi dei sender ut all informasjon frå skolen på samisk.

Nektar å snakke norsk

– For meg er det håplaust når eg hentar og leverer sonen min, fordi lærarane nektar å prate norsk til meg, seier Mariann Solumsmoen.

Og ho er ikkje den einaste norsktalande mora i Karasjok som har store problem med å kommunisere med barne- og ungdomsskolen i bygda.

Ungane forstår ikkje

– Ungane mine får ukeplan som er skrive på samisk, og dei har ikkje mulegheit til å forstå det som står der. Eg har heller ikkje mulegheit til å hjelpe dei, sia eg ikkje kan samisk, fortel Britt Tone Ulvenes, som synst situasjonen er frustrerande.

– Ungane mine slit med dette, seier ho.

Vurderer å flytte

Dei norsktalande foreldra veit ikkje kva dei skal gjere med problemet.

– Vi har vurdert å flytte. Men det er for ille om vi må gjere det. Vi bor jo trass alt i ein tospråkleg kommune, seier Ulvenes.

Utdanningsdirektøren i Finnmark vil no ta opp saka med Karasjok kommune. Rektor Arnulf Soleng ved Karasjok barne- og ungdomsskole seier han no vil ta kontakt med dei norsktalande foreldra ved skolen, for å prøve å få til ein betre dialog.