Hopp til innhold

Omsorgstenesta i Tromsø kommune treng fleire frivillige

Bo- og servicesenteret Heracleum i Tromsø ønsker seg fleire «unge» pensjonistar med mykje fritid som kan hjelpe til med aktivitetar for dei eldre.

Ein gjeng frivillige sitt rundt bordet på Heracleum

VIL GJERNE BLI FLEIRE: Jack Arne Giæver Nilsen, Birgit Helen Nilsen, Pauline Dahl og Kristin Fjellheim ønsker seg fleire som kan gjere frivillig arbeid på Heracleum i Tromsø.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Det byrjar å bli vanskeleg å få folk til å jobbe med frivillig arbeid, seier Birgit Helen Nilsen, som er avdelingsleiar ved bu- og servicesenteret Heracleum.

For å få til aktivitetar for dei eldre som bur på senteret, trengst det folk som vil bruke fritida si på frivillig arbeid.

– Vi står ovanfor eit generasjonsskifte når det gjeld å skaffe frivillige. Dei trengst både til dei aktivitetane vi har her, og til å besøke dei som bur her på huset, utdjupar Nilsen.

Avdelingsleiar ved Heracleum, Birgit Helen Nilsen

Avdelingsleiar ved Heracleum, Birgit Helen Nilsen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Å vere eit medmenneske

Rundt kaffibordet på Heracleum sitt ein trio som brenn sterkt for frivillig drivkraft. Ein av dei er Jack Arne Giæver Nilsen, som er sjølverklært «sprellemann».

Han trur det er eit teikn i tida at folk helst vil ha betaling for det arbeidet dei gjer, men synst sjølv han får mykje igjen for å spele for dei eldre.

– Frivilligheit er sjeldan eller aldri knytt opp til økonomi, det er noko ein gjer av glede, seier Jack Arne Giæver Nilsen, som i nærmare 20 år har underheldt med song og gitar ved senteret.

– Det handlar om å vere eit medmenneske. Og det er jo mykje dei treng hjelp til, som heimehjelpa ikkje kan gjere. Det kan vere handling, besøk, eller å skifte ein gardin. Men det viktigaste er at det er eit menneske der for dei, seier Kristin Fjellheim, som er frivillig på trettande året.

Håpar fleire melder seg

Pauline Dahl bur på Heracleum, og er svært takknemleg for jobben Kristin, Jack og dei andre frivillige gjer.

– Hadde ikkje dei heldt på med aktivitetane nede hos oss, så hadde det ikkje vore nokon ting her. Det betyr mykje for oss.

Mange av dei som er frivillige ved senteret i dag er sjølv seniorar. Birgit Helen Nilsen håpar derfor at fleire unge pensjonistar med mykje fritid vil melde seg til teneste.

Ho får støtte frå Kristin Fjellheim.

– Viss dei kunne skjønne kor mykje dei gir dei å vere frivillige blant eldre i dag, så trur eg fleire hadde gjort det.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark