NRK Meny
Normal

Kan det vere farleg å utsetje ting? Ja, meiner forskar

Å kronisk utsetje gjeremål kan bli farleg for studentar, meiner psykologiprofessor i internasjonalt forskingssamarbeid.

Studentar ved bøkene

Økonomistudentane Emilie Naurstad, Sara Engstad og Andrea Lindqvist jobbar med oppgåver ved eit bord på UiT Norges arktiske universitet.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Prokrastinering – eit vanskeleg og uvant ord for ei noko dei aller fleste av oss kjenner eller har kjent på.

Det betyr rett og slett kronisk utsetjingsåtferd, og beskriv det som går føre seg når ein person utset ting så ofte at det blir problematisk.

Daglegdagse ting kan som regel vente, men for studentar, så kan faktisk det å utsetje ting gå på helsa laus.

Kom arbeidslyst og treng deg på. Her skal du motstand finne!

Solan Gundersen, Flåklypa Grand Prix

Studentsyndromet

Prokrastinering vert ofte omtala som «studentsyndromet», for det er denne gruppa som går av med den tvilsame sigeren: Dei er best i klassen på å utsetje gjeremål.

Frode Svartdal er psykologiprofessor ved UiT – Norges arktiske universitet. Han er prosjektleiar for forskingsprosjektet «Prokrastinering – utsettelsesadferd – hos studenter».

Saman med ei forskingsgruppe frå fleire andre land, jobbar dei med å finne ut i kor stor grad studentane prokrastinerer – i tillegg til at dei prøver å finne ut korleis ein kan få ei bukt med problemet.

Frode Svartdal

Psykologiprofessor ved UiT Norges arktiske universitet, Frode Svartdal.

Foto: Frode Svartdal

– Studiesituasjonen er ganske krevjande. Du skal prestere, du har høge forventingar til deg sjølv og andre har høge forventingar til deg. Så det er ofte vanskeleg, seier professoren.

Den beste måte å få et arbeid til å virke vanskelig på, er å utsette det.

Winston Churchill

Smarttelefonen øydelegg

Svartdal fortel at smarttelefonen sitt inntog i dei fleste studentar sitt liv har gjort at dei kan sjå at konsentrasjonen forsvinn, og dermed også blir også evna til å gjennomføre arbeid svekka.

– Problemet er at det er viktige ting som blir utset. Og det er det som gjer det seriøst. Å vente med oppvasken er ikkje så ille, men det å utsetje å lese, det er dumt og det får konsekvensar, seier Svartdal.

– Kva er konsekvensane?

– Du kjem i bakleksa, du får dårleg tid og dårleg karakter. Og så får du ein knekk i meistrings-kjensla og det er ikkje optimalt. Du tar til å tvile, byrjar å gruble på ting, og det fører til auka stress og angst. Dette er typiske konsekvensar av å utsetje for mykje.

Litt i siste liten

Ved eit bord i kantina på Universitetet, sit økonomistudentane Andrea Lundqvist, Sara Engstad og Emilie Naurstad. Dei tre innrømmer at det av og til kan vere litt vanskeleg å strukturere tida si riktig og få gjort alt som skal gjerast.

Emilie sit med økonomioppgåver som skal inn dagen etterpå.

– Det er nok litt i siste liten, innrømmer ho.

Dei tre er einige i at det kan vere vanskeleg å strukturere tida og få tid til alt som skal gjerast, men bedyrar at dei jobbar jamt og trutt.

Økonomistudentar ved UiT

Økonomistudentane Emilie Naurstad, Sara Engstad og Andrea Lindqvist er einige om at det kan vere vanskeleg å strukturere tida si.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Du må ta ansvar sjølv for kva du gjer, for det er berre deg sjølv det går utover, seier Andrea.

– Hender det at du gjer ting i staden for skulearbeid?

– Jaaa, kvar dag, seier Sara og ler.

I never put off till tomorrow what I can possibly do - the day after.

Oscar Wilde