Silvia Lawrence og Dan Bodie

HEIME: Silvia Lawrence og Dan Bodie gler seg til å starte eit nytt liv i Vinje i Telemark.

Foto: Line Omland Eilevstjønn

Fekk draumejobben på Rauland

Silvia Solbakken Lawrence (27) har alltid tenkt at ho ein dag skal «heim» til Noreg. Etter å ha backpacka seg gjennom over 70 land, er ho og kjærasten Daniel Bodie (32) no lukkeleg innkvarterte i ei hytte på Vierli.

– I underbevisstheiten leita eg nok alltid etter ein stad å kalle heime, seier Silvia Lawrence.

Ho varmar hendene på kakaokoppen ved langbordet i familiehytta på Torvetjønn. Der ho har vore tallause gonger gjennom oppveksten. Der ho har feira norsk jol fleire gonger. Utanfor glaset har sola takka for seg, og ljosa frå skibakken og dei andre hyttene har teke over.

Her vil Silvia vera. Og takka vera si tilstadevering på internett kan ho det. No er ho nemleg henta inn som digital marknadsførar for Visit Rauland. Men det kjem me tilbake til.

Besteforeldra til Silvia, Lasse og Birgit Solbakken, var dei fyrste drivarane av Bø Hotell då det stod ferdig i 1970.

– Når eg seier at eg er ein Solbakken, lurar alle på om eg kjenner Lasse. Då er eg stolt av å seie at han er bestefar min, smiler Silvia.

Nokre år etter at hotellet stod ferdig i Bø, flytte den eine dottera til Lasse og Birgit heimanfrå. Ho drog til Tübingen i Tyskland, der ho møtte amerikanaren som skulle bli mannen hennar.

– Mamma og pappa studerte begge to til å bli professorar, og dei kom fram til at det var lettast å bli det i Amerika. Difor flytte dei til Worcester i Massachusetts, som ligg om lag ein time utanfor Boston.

Der vaks Silvia opp.

– Det var det stikk motsette av Noreg. Worcester er ikkje ein veldig vakker stad, seier ho, og legg til at ho alltid har følt størst tilknyting til Noreg.

Som eit barn av to kontinent har Silvia hatt dobbelt statsborgarskap heile livet. Det skulle vise seg å kome godt med i framtida hennar.

Les også: Her havnet bilen midt i skiløypa

Jolefrukost på Vierli

NORSK JOL: Slik såg det ut på hytta i jola 2015.

Foto: Silvia Lawrence

Falt for blogging

I juli 2013 la Silvia ut på ei lang reise. Ho forlét Massachusetts, med eit lett hjarte, på veg mot nye opplevingar og inntrykk.

– Eg og venninna mi Danielle reiste på backpackingtur til Asia. Då bestemte me oss for å starte ein reiseblogg saman medan me var på tur. Ho hadde studert journalistikk og var veldig gira.

Frå juli til desember sofasurfa dei rundt i forskjellige land i Asia. På kveldane skreiv dei om kva dei hadde sett, høyrd, smaka på og ledd av.

– Venene mine blei overraska då eg begynte å blogge, sidan eg til vanleg er veldig sjenert og hemmelighetsfull. Eg er ein sjenert ekstrovert, på ein måte. Difor var det litt flaut å skulle dele så mykje på bloggen i starten, seier Silvia.

Men, det tok ikkje lang tid før ho forelska seg i formatet.

– Eigentleg så elskar eg folk. Sjølv om eg er sjenert i starten. Og etter kvart fann eg ut at blogging er ein veldig enkel og interessant måte å kommunisere med framande på.

Responsen på bloggen fekk Silvia til å forstå at amerikanarar var veldig fascinerte av Asia.

– Det var moro å dele dei historiene, for det er ikkje så mange som reiser til Kirgisistan. Det hjelpte oss med å få ei solid lesargruppe ganske fort.

Etter eit halvt år hadde venninnene vore litt for nære kvarandre litt for lenge. Luntene begynte å bli stuttare. Då bestemte Silvia seg for å halde fram på tur åleine.

– Eg ville reise til Iran. Og eg kunne det med mitt norske pass. Amerikanske pass kjem ikkje inn i landet, med mindre dei er på ein arrangert tur.

Silvia og Mina

SIGHTSEEING I IRAN: Silvia med vertinna Mina.

Foto: Privat

Der skulle ho sofasurfe i to veker, og bli vist rundt av ei vertinne ho fann på nettet.

Ho sakna å kunne prosessere og fortelje om reisene sine gjennom ein blogg, og oppretta difor Heart My Backpack då ho var i Iran. Det gjorde ho lurt i.

– Eg får framleis epostar frå Iranarar, der dei takkar meg for å skrive innlegga om landet deira. Eg var overvelda av kor fint det var der, og kor bra eg blei behandla, og det skein nok gjennom på bloggen. Dei var glade for å få lese så mykje fint, sidan det stort sett var landets negative hendingar og sider som fekk merksemd i media.

Dette var starten på Silvias eiga reise, som skulle ta ho med gjennom meir enn 70 land.

Les også: Nesten 200.000 nordmenn skriver egen blogg

Ein pluss ein er to

I starten av 2014 møtte Silvia briten som skulle bli hennar livs-, blogg- og reisepartnar. Daniel Bodie frå London. Han er sjølv ein reiseglad fyr, med få sterke band til heimbyen sin. Kjærleiken var eit faktum.

Det fyrste året dei var saman arbeidde Daniel i Thailand, og saman hadde dei basen sin der. Silvia var heime av og til. Ho heldt i stor grad fram med backpacking-livsstilen.

Året gjekk fort, og i januar i fjor var det tid for ta fatt på det dei hadde planlagt saman. Å backpacke heile vegen til Noreg. Landet dei håpa skulle bli eit heimland for dei begge.

På vegen mot Skandinavia fekk dei oppleve Aust-Europa og Russland. Det hadde Silvia sett fram til veldig lenge.

– Eg studerte filosofi på universitetet, noko som eigentleg berre er flaut å seie. Det er eit heilt unødvendig fag, og ikkje særleg praktisk når ein skal få seg ein jobb. Men det resulterte i alle fall i at eg forelska meg heilt i Dostoevsky. Difor lærte eg meg russisk. Eg ville lære språket han tenkte på, seier Silvia.

Ho held handa framfor augo for å signalisere at ho er flau av grunngjevinga si.

– Det er verkeleg ein kjempedum grunn, men det enda faktisk opp med å vera det språket eg har hatt mest bruk for på reisene mine. Dei brukar jo russisk i mange tidlegare sovjetstatar i Sentral-Asia, samt i Armenia, Georgia, Israel, Ukraina, og sjølvsagt i Russland.

I mars i fjor fekk Silvia endeleg reise til favorittfilosofens heimland.

– Russland var utruleg fint å besøke. Men sidan me var der på vinterstid, så var det heilt vanvettig kaldt der. Då me var i Sibir såg alle rart på oss og spurte: «KVA gjer du her?», ler Silvia.

Les også: Bloggsuksess: Avslørte den triste jenta bak fasaden

Silvia Lawrence i Russland

I MOSKVA: Silvia besøkte fleire byar i Russland i mars i fjor.

Foto: Daniel Bodie

På veg heim

Så kom dei til Noreg. Dei besøkte bestemor Birgit i Bø og hadde fine vårdagar på hytta hennar på Rauland. Men Silvia ville sjå noko meir.

– Planen min då eg kom til Noreg var å halde meg vekk frå Telemark. Eg ville oppleve noko nytt.

Difor flytte dei til Trondheim. Dei ville vera i ein by, og gjerne litt nærmare Nord-Noreg. Dei treivst godt, men det blei ikkje nødvendigvis slik dei hadde tenkt.

– Eg fann fort ut at det er noko spesielt med Telemark. Daniel merka nok det same. Ofte sa han: «Kanskje me skal reise tilbake til Telemark? Det er jo veldig fint der.»

Silvia innsåg at ho sakna det ho likar best med Noreg. Dei små, trivelege bygdene.

– Me trudde heile Noreg var litt som Telemark. Men det var feil. Difor er me veldig glade for å vera her att. Eg føler at Telemark representerer Noreg. Kulturen her er det utlendingar ser føre seg når dei høyrer om dette landet, seier ho.

Silvia og Daniel

HYTTEKOS: Den flotte hytta på Rauland er Silvia og Daniels nye heim.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Draumejobben dukka opp på Rauland

Då dei fekk to vener på besøk i fjor sommar, bestemte Silvia seg for at ho ville ta dei med på hytta til bestemor Birgit. Ho ville vise dei Rauland. Medan dei var der skreiv ho eit blogginnlegg.

– Eit par månadar seinare snubla eg over Visit Rauland på Instagram, og sende dei innlegget eg hadde skrive. Dei delte det på Facebooksida si, og det må tydelegvis ha vore populært.

Dette skulle nemleg resultere i eit spennande jobbtilbod.

– Litt etter det skreiv eg på bloggen at eg leitte etter ein jobb i Trondheim, og då skreiv Torben Andersen, dagleg leiar av Visit Rauland, til meg og sa at eg og Daniel burde kome og bu på Rauland og jobbe for dei.

I starten ledde Silvia forslaget vekk. Ho sat med ei leigekontrakt som ikkje gjekk ut før til sommaren, og den var det ikkje stort å gjere med.

– Så begynte eg å tenke. Dette var noko eg verkeleg ville. Så kontakta eg Torben på nytt, og lura på korleis me kunne få dette til.

Ei veke seinare sende han dei ein plan. Silvia og Daniel kunne få jobbe på Spar for å tene nok pengar til å betale husleiga i Trondheim, og samstundes arbeide med digital marknadsføring for Visit Rauland. Og bestemor Birgit var meir enn glad for å kunne gje dei husrom på Torvetjønn. Førebels skal dei vera der til rett etter påske.

– No har eg teke over Instagramkontoen til Visit Rauland, også postar eg for dei på Facebook. Daniel hjelper til med fotograferinga.

På fritida lærer dei å stå på ski på Vierli, og skal utover vinteren få lære endå meir om kulturen i lokalsamfunnet.

– Me lærer mykje om området. Eg har vore her ganske mange gonger i oppveksten, men som regel var me berre her på hytta. Visit Rauland lærer oss og viser oss mykje bra, også skriv eg om det viss me likar det. Noko som er sannsynleg, seier Silvia.

Les også: Mildværet ødelegger skiløyper

Silvia Lawrence

ØVING GJER MEISTER: Her prøvar Silvia seg i barnebakken på Vierli.

Foto: Daniel Bodie

Lærer språket på jobb

Dei er overvelda over kor trivelege folk har vore mot dei.

– Folk behandlar oss veldig bra. Dei er interesserte i oss. Det hjelper nok at det er ein liten stad, for då visste alle med ein gong at me var nye.

Kundane dei treffer kvar dag hjelper også dei to nytilflytta med å lære seg norsk.

– I starten trudde eg at dei danske turistane snakka norsk. Eg tenkte «Ånei, dialekta her er heilt umogleg å forstå», ler Silvia.

Då ho fann ut at det ikkje var dansk ho måtte lære seg, roa ho seg litt. Norsk verka ikkje like vanskeleg å få teken på.

– Sjølv om skulle ønskje at mamma hadde lært meg norsk tidlegare, trur eg det skal gå greitt å lære det no. Eg er ein språknerd, og har ikkje særleg vanskeleg for å lære meg nye.

Silvia vil gjerne lære seg vinjemål òg. Og det kan virke som at ho kjem til å klare det veldig fint.

– Norsk er ikkje eit veldig vanskeleg språk i forhold til russisk og japansk, til dømes, seier ho.

Lesartala på bloggen til Silvia har meir enn dobla seg etter at ho flytte til Noreg.

– Noreg er nok veldig mystisk og trolsk for dei som ikkje har vore her. For nokon dagar sidan skreiv eg eit innlegg om å jobbe på matbutikken og kvardagen her på hytta. Eit innlegg eg sjølv tenkte var ganske kjedeleg. Men folk kommenterte ting som «Oi, du lev verkeleg draumelivet!». Det trur eg ikkje dei hadde sagt viss eg gjorde det same ein annan stad.

For Silvia og Daniel er ikkje Noreg så mystisk meir, berre ein stad dei kunne tenke seg å bli.

– Eg var litt redd for å flytte hit, for eg har alltid tenkt at Noreg er så fantastisk. Eg var redd for å bli skuffa. Men kjærleiken eg har for Noreg tek ikkje slutt. Eg trur nok me kjem til å bli her. Og forhåpentlegvis på Rauland.