SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Bustyrar, advokat Edmund Frømyhr, seier pengene som er att i buet berre vil dekkje ein mindre del av gjeldskrava.
Sparebanken Sør er største kreditor.
- Selskapet har sjølv reknar med at dei samla aktiva har ein samla verdi på 2,7 millionar kroner. Det omfattar fast eigedom, varelager og driftsmiddel. Gjelda er på 6,9 millionar kroner, seier Frømyhr.
- Har du du noko forslag til korleis verdiane kan bli fordelt mellom kreditorane?
- Det kan sjå ut som om det ligg føre ei overpanting av aktiva her. Dei pantsette aktiva kan difor bl frigjort frå buet, men den endelege avgjerda vil bli teken etter ei registrering, seier Frømyhr.
Kreditorane tapar på konkursen
Ordførar Birger Nygård.
Etter det NRK Telemark har grunn til å tru er det Sparebanken Sør som går på den største smellen i samband med konkursen i Norsk Forbrukarkjemi på Dalen.
4,47 millionar kroner er kravet som banken har i form av pantesikra lån. Kanskje får dei igjen om lag halvparten av dette beløpet.
Ei rekkje mindre kreditorar, blant anna Vest-Telemark Kraftlag, vil trule tape til saman 2,5 millionar kroner.
Ordførar i Tokke Birger Nygård seier at det er definitivt slutt på såpeproduksjonen på Dalen.
- I samarbeid med Aetat blir det no arbeida med å skaffe attføringsplassar som er meir framtidsretta og mindre kostnadskrevande, seier Nygård.
Han håpar det kan bli skaffa attføringsplassar til minst 25 av dei nær 40 som mista jobben i Norsk Forbrukarkjemi.