Vil melde kommunen til politiet

FAU på Sætre barneskole trugar med å melde Notodden kommune til politiet etter at skolekjøkken er stengt for fjerde år på rad. Foreldra har gitt kommunen ein frist på 14 dagar for å få på plass ei varig løysing, skriv Telen. Oppvekstsjefen lovar at skolekjøkkenet skal vere klart til bruk på måndag.