Småbarnsmora skal ved fleire høve ha bedt om hjelp frå politiet, før ho blei drepen av sin svenske ekssambuar i Bø i oktober 2012.
Les også:
Sjak Haaheim var prosessfullmektig for Anna Medvedeva i barnefordelingssaka ho hadde med sin svenske ekssambuaren.
Grunn til å granske
Den 14. oktober blei Medvedeva drepen av ekssambuaren i Bø etter å ha spurt politiet om hjelp fleire gonger.
Haaheim seier til Dagbladet at han ønsker at staten nå etablerer ein undersøkingskommisjon for partnerdrap.
– Når liv går tapt, eller nokon blir alvorleg skada, er det all grunn til å granske kva som gjekk gale, seier Haaheim.
Han meiner drap må granskast på linje med dødsfall på sjøen, på vegen og i lufta. Haaheim viser til at Sverige har etablert ein kommisjon som heiter "Tryggare Sverige" som trekker erfaringar frå partnerdrap for at det ikkje skal skje igjen.
– Målet er ikkje å klandre enkeltaktørar, men lære om korleis ein kan unngå at nokon blir utsett for drap, seier Haaheim til Dagbladet.
Må vere uavhengig av staten
Han meiner ein slik kommisjon bør vere uavhengig av staten og få innsyn i dokument i saka.
Haaheim tar til orde for at kommisjonen bør settast saman av folk med politibakgrunn, barnekyndig bakgrunn, helsekompetanse og juridisk kompetanse, i tillegg til kompetanse på vald.
Sjak Haaheim er medlem av Advokatforeningens faste utval for bistandsadvokatar.
– Vi har sett på havarikommisjonen dei har etablert i Sverige, og utvalet meiner svenskane sin modell for å lære om partnerdrap er interessant, seier Haaheim til avisa.