Klima og miljøminister Tine Sundtoft besøkte i dag Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu for å fortelje at regjeringa set ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere moglegheitene for auka verdiskaping i villreinfjellet.
– Målet er å utvikle historia og verdiskapingspotensial til villreinen, seier Sundtoft.
Noreg er det einaste landet i Europa som har villrein. Arbeidsgruppa skal greie ut korleis få større merksemd om villreinen gjennom å etablere to europeiske villreinregionar.
(Artikkelen held fram under bilete)
Bidra til kunnskap
Arbeidsgruppa, som blir leia av Hans Olav Bråtå, skal finne ut korleis vi kan bruke den norske villreinhistoria til auka verdiskaping.
– Dei europeiske villreinregionane skal ikkje bli eit nytt forvaltingsnivå i villreinfjellet, men bidra til meir kunnskap om villrein, seier Sundtoft.
Dei første menneska som busette seg i Noreg var fangstfolk som følgde etter villreinen. Villreinen vandra inn i Noreg frå sør og aust. Derfor er ideen å opprette to regionar som viser kor den europeiske villreinen kjem frå.
– Eg trur Noreg har mykje å hente på å bli dyktige til å fortelje dei gode naturhistoriene. Det trur eg er attraktivt for turistar å kome til Noreg for å lære meir om, seier Sundtoft.
Dei to regionane vil omfatte fleire av dei nasjonale villreinområda. Arbeidsgruppa skal også gje vurderingar og tilrådingar om samhandling med handlingsprogramma for dei regionale planane for dei nasjonale villreinområda.
– Noreg har eit særskilt ansvar for å forvalte villreinen og fjellreven, seier Sundtoft.
Arbeidsgruppa skal levere utgreiinga si innan 1. juni 2015.
– Vi har eit stort potensial til berekraftig villreinbasert næringsutvikling her i landet. Eg håpar denne arbeidsgruppa kan vere starten på ei vidare satsing på reinen og fjellet som kjelde til verdiskaping, seier Sundtoft.
Miljøministeren er med på å sette ut fjellrev på Hardangervidda;
(Artikkelen held fram under bilete)
Må bli flinkare til å vise fram
– Har vi vore for lite flinke til å viser fram naturen og dei urørte områda i landet vårt?
– Ja, for vi har vore veldig flinke til å verne flott natur. Nå ønskjer vi fortelje andre kva for fantastiske dyr og natur vi har å vise fram, seier Sundtoft.
Klima- og miljøministeren framhevar villreinsenteret på Skinnarbu, der folk kan bruke eit par timar og kome ut igjen med mykje ny kunnskap.
– Då kan du ein del om villreinen, og skjønar ein del av den norske historia den gongen dei første nordmennene flytta etter villreinen, seier Sundtoft.
Ho vil gjerne at fleire skal besøke Norsk Villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn kommune og Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn i Dovre kommune.
– Desse villreinsentera ligg i utkanten av villreinregionane, så det er ikkje nokon fare for at turistar skal øydelegge i sjølve nasjonalparken, seier Sundtoft.
Klima- og miljøministeren seier at det ikkje blir noko strengare regime for å forvalte nasjonalparkane enn det som finst i dag.
– Når vi veit meir om naturen, så blir vi flinkare til å ta vare på den, seier Sundtoft.