Ole Jørgen Kårvand
Skien er ein av dei kommunane her i landet som har færrast kremasjonar. Tala gjeld kommunar med eigne kremasjonsomnar.
I Skien blir berre 11 prosent av dei døde kremert. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Skien kremerer også døde for heile Grenland.
I Tinn blir 45 prosent av dei døde kremert.
Kyrkjeverge Ole Jørgen Kårvand i Tinn seier at det er blitt ein tradisjon med kremering blant folk bur på Rjukan.
Men han seier at det er langt færre av dei som bur på bygdene som vel kremasjon.