Hopp til innhold

Ukens fredagsskrå uke 49

For Anne Lognvik er desember ein hjartegod månad, – gudskjelovmånaden kallar ho den.

Anne Lognvik
Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er lov å snufse seg i gjennom jolekonsertar og jolegråntenning. Det er rett og slett normalt å vera semtimental i desember.

Og eg tenkjer:

Takke meg til at eg ikkje er med i Arbeidarpartiet i Porsgrunn. Viss halvparten av det ein les og høyrer er sant, må ein berre prise seg lukkeleg for at ein ikkje har vasa seg inn i politikken. Noko særleg vellukka rekrutteringsgrep for å få ungdom inn i politikken er i alle fall ikkje slike hatske personkrigar som i Porsgrunn vera. Me vil då ha politikarar som tek ballen og ikkje hatten, eller….?

Men det er mange andre ljospunkt au med å ikkje vera politikar i desember.

Mens me andre kosar oss med lutefisk, jolegodt og mykje hyggeleg samvær, sit politikarane og diskuterer pengar. Budsjett.

Eg skriv denne kommentaren på veg til byen, byen med stor B, Oslo.

Det er meg ei gåte at både lokal og rikspolitikarar ikkje legg budsjettbehandlinga i mørke og kjedelege november. Til og med på Stortinget gneg dei på med budsjett til langt over kakelinna. Fyrst rett opp under jol er dei ferdige. Og då er ikkje ein gong me i pressa interesserte, så dei får fint lite skryt for jobben.

Dei kjem heim att og ventar skryt. Kari Lise for millionen til Teater Ibsen, Terje, Bård og Kåre vil nok gjerne ha skryt for gassrøret, Gunn for forsterka utdanning for legar som arbeider med brystkreft. Og Sigvald kjem heim og er kry av kultursatsinga – Industriarbeidermuseet, Bluesen og Teaterfestivalten har fått meir pengar.

Men det dei antakeleg kjem heim att til er husvask og gåvekauping og andre artighetar. For då har den egentlege sjefen, den heimeverande husfaren eller husmora gledd seg til å endeleg får litt hjelp av byfanten.

Viss budsjettet hadde vore unnagjort i november, kunne dei kome utkvilte heim og kanskje gjera litt nytte for seg.

Okke som, la oss håpe dei ordnar både gassrør og pengar til gode fellesskapssaker. Det har dei faktisk jobba for. Det har eg sett med eigne augo.

Eg må slutte med ein liten historie frå Telemarkssendingas barndom. Det var den gong alle oppgåver gjekk i automatisk – og demokratisk – rullering. Då var eg programleiar på ei ettermiddagssending, og hadde med bygdediktaren og husmannen Olav Flatastaul på direkten. Han fortalde om gamle vertegn, og var rektig god som vanleg. Men så måtte eg runde av, og sa takk for praten. Og så gjorde eg den fatale bommerten. Nærast på utpust sa eg til Olav. Og no må me ha litt musikk, du likar vel Sondre Bratland ?

Alle andre ville sjølvsagt svara ja, om ikkje anna av rein bygdesolidaritet. Men ikkje Flatastaulen nei. Svaret kom kontant: Nei, eg likar ikkje Sondre Bratland. Og eg fekk dånedippen. Det blei bomstilt frå studio på Borgeåsen….. i mange sekundar. Men Olav var ikkje i beit med å overta, så forklaringa kom: Han æ då sikkert flink nok te søngje, men eg likar ikkje dei gudlege songane hans. Då eg fekk pusten att, avlevera eg replikken: Me spilar han nå likevel me. 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark