Hopp til innhold

Odd berga eitt poeng

Odd Grenland viste stor laginnsats då dei spela uavgjort mot Vålerenga i serieopninga sundag. Kampen enda 0 - 0.

ODD SERIEÅPNING Vålerenga blei seriemeister i fjor, og om lag 12.000 tilskodarar såg kampen på Ullevål stadion.

Men Vålerenga-supportarane overdøva eit fåtall Odd-supportarar.

Storfavorittane frå hovudstaden skulle gå skuffa heim etter kampen. Odd var solide defensivt, og skapte minst like mykje framover på banen som heimelaget.

God laginnsats på Ullevål

Trener Arne Sandstø var godt nøgd med laginnsatsen.

- Eg er godt nøgd med laget slik dei jobbar i denne kampen. Klarar vi å halde dettet fokuset blir det spennande, seier Sandstø.

Tommy Svindal Larsen hadde sammen med Somen Tsjoy full kontroll på midtbanen.

Men Odds kaptein måtte forlate banen etter 73 minutter. Odd sin viktigaste spelar hadde pådratt seg ein skade.

- Det er ikkje alvorleg. Eg trur det vil gå over etter ein dag eller to, seier Svindal Larsen.