Hopp til innhold

Tre tatt for narkotika etter trafikkuhell

Tre menn er tatt for narkotika etter at ein bil køyrde i grøfta på Håvundvegen.

Håvundvegen

Politiet fekk melding om utforkøyringa i halv åtte tida laurdag morgon av folk som var vitne til utforkøyringa. Ein straumstolpe blei knekt då bilen køyrde av vegen ved Kiwi på Håvundvegen.

Operasjonsleiar Ole Jørgen Lund fortel at vitne også forklarte at bilføraren sprang frå staden etter utforkøyringa. Mannen var åleine i bilen.

– Politiet søkte i område med politipatruljar og hundar utan å treffe på bilføraren, seier Lund.

Hadde ikkje førarkort

Ole Jørgen Lund

Operasjonsleiar Ole Jørgen Lund.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Men ut frå spor i bilen og vitneforklaringar klarte politiet å spore opp mannen på ei adresse i Skien.

– Politiet fekk kontakt med mannen i 30-åra på hans bustad. Og han erkjente å ha køyrt bilen, seier Lund.

Mannen har ikkje gyldig førarkort, og det var i tillegg mistanke om at han hadde køyrt i rusa tilstand.

Fant narkotika i husvære

Politiet arresterte også to andre menn på adressa i Skien. Ein mann på 32 år og ein mann på 21 år frå Grenland.

– Det er gjort funn av narkotika i husværet til bilføraren. Og alle tre mennene er sett i varetekt for å bli avhøyrt av politiet, seier Lund.

Politiet håpar å få gjennomført avhøyret i løpet av dagen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark