Hopp til innhold

Hentar inspirasjon heimefrå

Dei vaks opp i Telemark, flytta ut, og nå kjem dei tilbake som forfattarar.

Edy Poppy, Helga Flatland og Kim Leine

Edy Poppy, Helga Flatland og Kim Leine var gjester i NRK Telemarksendinga.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Litteraturhuset i Skien arrangerte onsdag bokbad i Festiviteten med Edy Poppy, Helga Flatland og Kim Leine. Men før det var dei gjester i NRK Telemarksendinga hos Christina Førli Aas.

Alle tre voks opp i bygdemiljø, men ikkje samstundes. Kim Leine vaks opp i Seljord, Edy Poppy i Bø og Helga Flatland i Flatdal.

Kim Leine fekk Nordisk Råds Litteraturpris for boka "Profetene i Evighetsfjorden" – ein roman som blant anna handlar om den store draumen om fridom.

Edy Poppy har fått Gyldendals pris for beste kjærleiksroman med den erotisk-filosofiske boka "Anatomi. Monotoni".

Helga Flatland har fått Tarjei Vesaas sin debutantpris med romanen "Bli hvis du kan. Reis hvis du må". Boka fekk også Ungdommens kritikarpris og Aschehougs debutantstipend. Den blei også nominert til P2-lyttarane sin romanpris.

(Her kan du høyre heile radioinnslaget)

Hentar inspirasjon

– Eg er overraska over kor mykje eg skriv om Bø i Litteraturen min, seier Edy Poppy.

Edy Poppy flytta til Frankrike då ho var 17 år, og trudde kreativiteten og inspirasjonen til å skrive ville kome frå andre stader.

– Difor var det eit sjokk at eg tok til å skrive om Bø i debutromanen min, og eg flytta også tilbake i eitt år for å skrive den ferdig, seier Poppy.

Helga Flatland fortel at ein veldig stor del av hennar identitet kjem frå Flatdal, sjølv om ho ikkje hadde budd der på femten år då ho skreiv sin første roman.

– Det kjem fram når eg skal sleppe laus kreativiteten for å skrive. Eg merka at det var veldig mykje frå Flatdal i meg då eg skreiv på debutromanen, seier Flatland.

Kim Leine kjenner at det blir som å gå tretti år tilbake i tid og bli den gamle Kim når han kjem til Telemark.

– Men mykje av det eg skriv om er frå Grønland, der eg hadde min andre ungdom. Grønland blei eitt slags Norge for meg, fordi det var fjell og hav, snø og vinter, seier Leine.

Edy Poppy, Helga Flatland og Kim Leine
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark