Bjørn Nærum er advokat for mannen som er sikta for den mest alvorlege handlinga.
Mannen har i samtaler med sin advokat sagt at likskjendinga i kapellet på Nordre Gravlund i Skien er ei handling som har skjedd i rus.
26 åringen innrømmer å ha vore rusa på ei blanding av ecstasy og alkohol.
- Eg har fått vite at dette er ei handling som har skjedd i rus, og at det ikkje let seg forklare på nokon måte, verken av meg eller han eller dei andre det gjeld, seier advokat Bjørn Nærum.
Innrømmer skyld
- Tilhøyrer din klient eit miljø som kan ha motiv for å gjere noko slikt som dette her?
- Nei. Det veit vi ingenting om. Det ligg ikkje noko i saka som kan tyde på det, seier Nærum.
- Korleis har din klient hatt det etter at han blei arrestert?
- Han fekk jo eit sjokk når han skjønte kva han hadde gjort, seier Nærum.
- Skjønar han kva han har gjort. Og innrømmer han skyld?
- Han veit no etterpå kva han har gjort. Han hugsar at han har gjort det, og erkjenner det. Men han skjønar ikkje kvifor eller korleis han kunne gjere det, seier Nærum.