Hopp til innhold

– Strikking roar ned kroppen

Det er gode dagar for spesialbutikkar for garn etter strikkeprogrammet på NRK.

Marte Drageset og Emma Adelen

Marte Dragset håpar fleire for augene opp for gleda med å strikke etter NRK si maratonsending med strikking.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Marte Drageset er i Strikkpinnen i Skien for å handle garn saman med Emma Adelen. Drageset følgde med litt til og frå på strikkeprogrammet på TV fredag kveld og laurdag.

– Særleg når dei viste ulike strikkemetodar og genserar, så syntes eg det var veldig gøy, seier Dragset.

Ho syntes det blei litt kjedelegare då dei starta verdsrekordforsøket. Men Dragset håpar det kan bli fleire som strikkar etter programmet, og seier ho likar å strikke det meste, bare det er med tynt garn.

– Strikking er ein måte å roe ned kroppen på, synest eg. Og så er det ein gamal tradisjon som vi bør halde vedlike, seier Drageset.

Gro Gonsholt i garnbutikken Strikkepinnen på Herkules i Skien seier folk som har vore innom i butikken er positive til strikkeprogrammet på NRK.

Gro Gonsholt, Strikkepinnen

Gro Gonsholt i Strikkepinnen med alpakkagarn.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det er nok ikkje alle som har vore oppe heile natta, men det er veldig mange som har sett delar av det, seier Gonsholt.

Folk som er innom butikken fortel at det har vore mange interessante tema som har blitt teke opp i programmet.

Ikkje minst strikkeskulen, der ein kunne lære forskjellige teknikkar, seier Gonsholt.

Retrostrikk er populært

Ho fortel at folk fortsatt strikkar Marius genseren, og er dessutan opptekne av retrostrikk der gamle mønster av kofter og liknande blir tatt opp igjen.

Og så er det Dorthe Skappel sine strikkemodellar som framleis er populære, seier Gonsholt.

Kva er det med strikking som gjer at det ikkje går så lett av moten?

Eg trur det er det at folk finn roen, og synest det er deilig å sitte og bare slappe av. Du slappar jo av når du strikkar. Eg trur det er det som appelerer til folk, seier Gonsholt.

No er det Alpakka garn i forskjellige typer og variantar som er populære hos Strikkepinnen. Og så er det sjølvsagt dei vanlege ullgarna som går til kofter og barneklede.

Viktig å skape noe sjølv

Kjersti Lyngestad, Norsk Flid Husfliden

Kjersti Lyngestad i Norsk Flid Husfliden med populær genser.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Norsk Flid Husfliden opplever at ein genser som Arne og Carlos designa for Norsk Flid for nokre år sidan har fått ny popularitet etter strikkeprogrammet på NRK.

– Det var veldig gøy. Vi opplevde masse strikkeentusiasme i butikken dagen etter, seier Kjersti Lyngestad i Norsk Flid Husfliden i Skien.

Mange hadde fått med seg litt av programmet. Og hadde vore innom og sett på det laurdag morgon.

– Strikkelysta vakna. Det var mange gode kommentarar, seier Lyngestad.

Lyngestad fortel at det er veldig "in" å strikke. Og det er ein status å ha handstrikka plagg på seg. Lyngestad meiner det er noko veldig norsk å bruke ullstrikka plagg. Og veldig viktig for mange å kunne skape noko sjølv.

– Alt kan jo kjøpast for pengar. Men det å skape noe sjølv, er vanskelig å kjøpe, seier Lyngestad.

Selbuvottar er ein gjengangar blant dei populære tinga kundane i Husfliden likar å strikke. Særleg på denne tida av året er det selbuvottar til julegaver.

– Men no er det også mjuke plagg du kan ha rett på kroppen i alpakkaull. Det er enkel strikk som dei fleste kan få til, seier Lyngestad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark