Hopp til innhold

Storegut kan sigle utan "Skien"

Tinnsjøferja Storegut kan framleis sigle utan "Skien" på skutesida. Det har Sjøfartsdirektoratet avgjort.

Storegut

Tinnsjøferja Storegut får dispensasjon, og kan framleis sigle utan 'Skien' på skutesida.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sjøfartsdirektoratet har tidlegare pålagt Norsk Industriarbeidermuseum å male det geografiske namnet "Skien" under namnet "Storegut".

MF Storegut blei registeret i Skien i 1956, og etter regelverket skal namnet på registreringsstaden stå under namnet på ferja.

Les også:

Feil med Skien

Pålegget førte til sterke reaksjonar i Tinn, og i haust bad Rjukanbanen og Norsk Industriarbeidermuseum direktoratet sjå på saka på nytt.

– Storegut er eit verna fartøy, og det har aldri stått Skien på båten før. Det blir feil å mala på "Skien" etter at ferja er freda, seier kaptein Birger Nilsen til Rjukan Arbeiderblad.

Les også:

Sjøfartsdirektoratet har etter ei ny vurdering avgjort at det likevel ikkje skal stå "Skien" under ferjenamnet Storegut.

Vilkåret er at Storegut siglar på Tinnsjøen, og berre på Tinnsjøen.

Storegut vekker sterke kjensler i Tinn. Ferja er eit tidsvitne på ei tid folk minnest godt.

Og det var også årsaka til sinne som kome til uttrykk i august då denne saka blei kjent.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark