Hopp til innhold

Stor redningsaksjon etter at mann fall 30 meter

Ein mann er livstrugande skadd etter ei klatreulykke i Tinn.

klatreulykke tinn

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykka ut da det vart meldt om ei

Foto: Lars Gunleiksrud

Me fekk inn melding om at ein mann frå Storbritannia hadde ramla ned frå ei fjellhylle, seier operasjonsleiar i Søraust politidistrikt, Geir Kastmo.

Mannen er i 20-åra og var saman med ein ven da ulykka skjedde.

– Ulykka skjedde ikkje under sjølve klatringa, men mens dei to hadde ei pause på ei fjellhylle, seier Kastmo.

Mannen har fått medisinsk hjelp frå ein lege som vart flydd inn med helikopter. Det er usikkert når dei får frakta fjellklatraren ut av området.

Vår mann på staden seier det er veldig mange mannskap frå dei ulike naudetatane med i redningsaksjonen, og at det er vanskelege arbeidsforhold i området.

klatreulykke

Alvorleg skadd

Me har fått melding om at han har falt 30 meter og har brekt begge beina, sa Kastmo til NRK kort tid etter at meldinga kom.

Han bekrefta da at naudetatane streva med å kome fram til ulykkesstaden på grunn av vanskeleg terreng. Ambulansehelikopteret med lege om bord var fyrst på staden.

Helikopter er nok den beste måten å få han ut på, sa Kastmo.

Alle naudetatane, samt raude kors vart sendt ut til ulykkesstaden.

Brannvesenet var dei fyrste som melde om klatreulykka. Meldinga frå dei kom omkring klokka 17.50.

Laster Twitter-innhold

Saka oppdaterast.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark