Det melder politiet i Sør-Øst.
Ein stor leiteaksjon vart sett i verk i Hjartdal i Telemark etter at ein 21 år gammal mann vart meldt sakna søndag.
82 frivillige frå Røde Kors og Sivilforsvaret deltok måndag kveld i søket, i tillegg til hundepatruljar, politipatruljar og to helikopter.
I 22-tida måndag kveld vart mannen funnen død.
Grunna ulendt terreng og fordi mannen ikkje hadde identifikasjonspapir på seg, tok det ein del tid før mannen vart identifisert.
– Store utfordringar
Operativ leiar i Hjartdal Røde Kors, Olav Bergskås, fortalde til NRK måndag at det hadde vore store utfordringar for leiteaksjonen.
– Utfordringane er at det er bratt. Det er vanskeleg terreng, og vi slit med lysforholda. Det er store område vi leitar i.
Området det vart leita i går frå Notoddensida av Hjartsjø og til Nordbygda i Hjartdal. Det hadde vore 36 leitemannskap i aksjon fram til då. Og Bergskås fortalde at det var 30 nye mannskap på veg for å delta i leiteaksjonen.
– No vil søket bli konsentrert etter opplysningar som politiet har skaffa til vege, og vil konsentrere søket rundt ein akse, sa Bergskås.
Sivilforsvaret deltok i søket med 24 tenestepliktige frå Telemark og 9 frå Vestfold.
Skulle vere ute eit par timar
Politiet sette inn både eit politihelikopter og eit Sea King-redningshelikopter i søket som opphavleg gjekk føre seg i Mælefjell på grensa mellom Hjartdal og nabokommunen Seljord. Søket vart måndag morgon flytt til vestsida av Hjartsjåvatnet.
Den sakna blei sist sett av sin familie klokka 15 søndag. Da var han på veg ut for å trene i eit fjellområde han er godt kjent i. Den sakna skal ha vore i god form.
– Han pleier å vere ute i ein par timar. Det skal vere veldig ulendt terreng i området der han trener, og han pleier å gå forskjellige ruter opp fjellet, sa oppdragsleiar Mariann Jore i Sørøst politidistrikt til NTB.
Mora til 21-åringen var sist i kontakt med ham i 17.00-tida søndag. Han blei meldt sakna før midnatt.
Røde Kors, Norske Redningshunder, klatrarar og politiet bidrog i søket.
I 22-tida måndag kveld vart 21-åringen funnen død. Dei pårørande er varsla, melder politiet i Sør-Øst.