Hopp til innhold

Skien fengsel kan bli utvida med nytt bygg

Skien Fengsel er eit av alternativa justisministeren vurderer når Norge skal utvide fengselskapasiteten.

Skien fengsel
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Justisminister Anders Anundsen var i går på overraskande besøk hos dei tilsette ved Skien Fengsel.

Der ville han høyre om korleis dei tilsette opplever kvardagen i fengselet, for å få innspel før regjeringa skal å utvide fengselskapasiten.

Anders Anundsen

Justisminister Anders Anundsen.

Foto: Lars Hansen / NRK

Her kan Skien Fengsel spele ei avgjerande rolle.

Plass til å bygge ut

– Her er det blitt vurdert å bygge ut fengselet med eit nytt bygg innafor dei eksisterande murane, så dette er eit av prosjekta som vi vurderer, seier Anundsen.

Men justisministeren kan ikkje love når regjeringa vil ta ei avgjerd om det blir utbygging av fengselet.

– Det er litt tidleg. Vi jobbar nå med å få mest mogleg fengselsplassar for kvar krone. Og då ser vi på dei stadene der det er mogleg å bygge ut innafor eksisterande murar, seier Anundsen.

Les også:

Har andre alternativ

Men det er fleire alternativ som regjeringa også vurderer.

– Skien har ein fordel med at fengselet er såpass stort. Og det er eit moderne og trygt fengsel, og som med ekstra investeringar vil kunne handtere fleire innesette, seier Anundsen.

Fungerande fengselsleder Karl Hillestad er positivt innstilt til ei utviding av fengselet.

– Det er forskjellig syn på dette, som det er på dei fleste andre ting blant dei som jobbar her. Men mitt syn er at fengselet vil bli meir fleksibelt, seier Hillestad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark