Sakna mann funnen død

Ein mann i 30-åra frå Telemark er funnen død etter å ha vore sakna etter ein båttur på Norsjø. Det vart søkt etter mannen med helikopter og båt.

Politi med hund Norsjø

SØK: Kundpatrulen til politiet ved ved Norsjø i Telemark.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Det melder politiet laurdag kveld. Pårørande er varsla.

Det vart sette inn store redningsmannskap i søket av Norsjø i Telemark.

Mannen vart funne nokre meter under vassoverflata. Etterforskinga tyder på at båten køyrde inn i ein fjellknaus. Like ved staden blei det funnet vrakrestar frå båten, melde politiet.

Ein annan mann er lettare skadd. Han melde ifrå om ulykka da han vakna i båten og kameraten var borte. Båten låg da å dreiv på Norsjø.

Mannen som varsla er teke hand om av helsepersonell, og køyrd til sjukehus.

Redningsaksjon Norsjø

Redningsmannskapa søker med båt på Norsjø.

Foto: Hile Martine Lindgren / NRK

Usikkert kva som har skjedd

I tillegg til å søke på Norsjø prøvde politiet å kome i kontakt med den sakna mannen.

– Politiet veit kven den sakna mannen er og prøver å kome i kontakt med han, sa operasjonsleirar i Sør-Aust politidistrikt Rune Hunshamar.

Kva som har skjedd er førebels ikkje kjend. Det er store skader i front på båten, opplyser politiet. Saka blei meldt inn til politiet om lag klokka 11:30.

Båten var på veg frå Ulefoss til Akkerhaugen.