Hopp til innhold

Kjøpmannen tel skituristar i kassa

Skianlegga på Rauland har fått ein svært god start på sesongen. Det kan kjøpmann Oddmund Skeie lese rett frå kassa.

Oddmund Skeie

Kjøpmann Oddmund Skeie kan lese talet på skituristar i kassen på den lokale Spar-butikken.

Foto: Johs Apold / NRK

Fram til nyttår var det ein trafikkauke på drygt åtte prosent i skiheisane på Rauland, syner tal Rauland skisenter no sender til Alpinanleggenes landsforening.

Les også:

– Det er den beste sesongstarten på Rauland nokon gong, seier Stein Birger Johnsen ved Rauland skisenter.

Se oversikten over skianleggene som er best besøkt her.

Alle tener på turismen

Stein Birger Johnsen

Stein Birger Johnsen vil plassere Rauland på lista over dei ti mest populære skistadane.

Foto: Johs Apold / NRK

Det som er bra for turistnæringa, er bra for andre næringsdrivande. Det er den lokale Spar-butikken døme på.

Dei siste åra har Oddmund Skeie i den lokale Spar-butikken dobla talet på tilsette til 15 årsverk, og i fjor omsette daglegvarebutikken for 42 millionar kroner.

– Det ville vore uråd å drive ein såpass stor daglegvarebutikk på Rauland utan skiturismen, seier Oddmund Skeie.

"Pressa" til å starte butikk

For ti år sidan var Kjersti Torvetjønn resepsjonist ved Rauland Høgfjellshotell.

– Der kom det stadig spørsmål om sportsutstyr. Det var ingen spesialbutikk for slikt utstyr på Rauland, og på sett og vis «pressa» turistane meg til å starte ein sportsbutikk.

Kjersti Torvetjønn starta i det små i eit kjellarlokale. I dag omset Rauland Fjellsport for sju millionar kroner frå nye forretningslokale i Rauland sentrum.

Skituristane er ikkje berre den største kundegruppa.

– Mange av dei faste turistane er lojale, og handlar hjå oss fordi dei ynskjer at me skal drive butikken vidare, seier Kjersti Torvetjønn.

– Turisme tyder alt

Kjersti Torvetjønn

Skituristane er lojale mot den lokale sportsbutikken, seier Kjersti Torvetjønn.

Foto: Johs Apold / NRK

Med meir enn 4.500 fritidshytter knivar Vinje om å vere den fjerde største hyttekommunen i landet. Vinje var og den kommunen i Telemark som i prosent auka folketalet mest i fjor.

– Det er uråd å forklare tala utan å peike på reiselivet, seier næringssjef Toril Nicolaisen i Vinje kommune.

- Fleire turistar tyder fleire jobbar for den lokale snikkaren og for dei som arbeider i bygg og anlegg. Utan reiselivet ville Vinje hatt eit mykje fattigare næringsliv, meiner Toril Nicolaisen.

Men vil ikkje reiselivet truge lokal kultur og tradisjonelle næringar som landbruk?

- Nei. Kulturen i Vinje er sterk, og står seg godt i eit samspel med eit veksande reiseliv. Det er og eit viktig poeng at bønder og andre næringsdrivande kan kombinere tradisjonelle yrke med arbeid som direkte eller indirekte er knytt til reiselivet.

Ti på topp

Ein omsetnad på 18 millionar kroner berre i skiheisane plasserer Rauland på 11. plass på lista over dei mest populære skistadane i landet.

I år reknar Stein Birger Johnsen med å klatre på lista.

– Det er viktig å kome inn på lista over dei ti viktigaste stadane. Det er den lista media spør etter når dei presenterer sine oversyn, seier Stein Birger Johnsen.

Kva er den største utfordringa for reiselivsnæringa i Rauland?

Finansiering av fellestiltaka. Det er skiløypene som skaffar turistar, og då blir spørsmålet kven som skal betale for å køyre opp og vedlikehalde løypenettet på 150 kilometer. I dag tek nokre få reiselivsbedrifter rekninga saman med Vinje kommune. I framtida må me finne løysingar som gjer at fleire blir med i spleiselaget, seier Stein Birger Johnsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark