NRK Meny
Normal

Rekordsal av elbil her i landet

El bil blir meir og meir vanleg utanfor Oslo, og det er i distrikta elbilsalet aukar mest. I mars var kvar femte selte nye bil ein elbil. Og for første gong er ein prosent av bilparken elektrisk.

Stefan Austad, elbileigar

Stefan Austad set pris på at det er mindre støy og eksos frå ein elbil.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Stadig fleire får med seg at ein elbil fungerer til veldig mykje. Det er ein bil som er perfekt til kvardagsbruk, og som gjer at du kan spare mykje pengar. I tillegg har det kome fleire elbilar på marknaden, og dei blir billigare.

Telemark har saman med Østfold, Oppland, Hedmark og Sogn og Fjordane den største auken i salet av elbilar i mars. I desse fylka har talet på ladbare elbilar auka med over femti prosent. Og det har skjedd dei tre første månadene i 2014.

Men framleis er det Oslo og Akershus som har flest elbilar. Men tre av fem nye elbilar blir selt utanfor Oslo og Akershus.

Her kan du få oversikten over elbilsalet i alle fylkene.

Les og:

Stefan Austad frå Skien er saman med kona ein av dei mange som har kjøpt seg ny elbil i 2014.

– Eg synest det er positivt at det ikkje kjem ut eksos av bilen og ville prøve. Og eg synest det har fungert veldig bra, seier Austad.

Han søkte rundt på internett og fann fram testar av elbilar, blant anna inne på elbilforeininga sine sider.

– For meg var det viktig at elbilen held det den lovar på rekkevidd, og at den fungerer som ein vanleg bil, seier Austad.

Stefan Austad, elbileigar

Stefan Austad seier han merker liten forskjell på elbil og vanleg bil.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Rekkevidda er blitt lengre

Grunnen til at Stefan Austad ikkje har kjøpt elbil tidlegare er at rekkevidda har vore for kort. Men når rekkevidda kom opp i 16 mil, så var valet enklare. Dessutan var prisen som ligg under 200.000 kroner viktig.

– Du merkar liten eller ingen forskjell på ein elbil og ein vanleg bil, bortsett frå at det ikkje er støy i bilen, seier Austad.

Førebels er ikkje elbilen den einaste bilen i familien. Familien Austad har framleis ein bil som går på fossilt drivstoff til bruk på lengre køyreturar. Han trur også utviklinga av nye elbilar, som kan køyre lengre distansar utan å måtte bli lade, vil skje fortare.

– Når dei fleste elbilane kan køyre førti mil utan ladestopp, blir elbilen einaste bilen i vår familie, seier Austad.

Viktig kva naboen gjer

Ole Henrik Hannisdahl i Grønn Bil trur folk i første rekkje er opptekne av å kjøpe den mest fornuftige bilen til sitt bruk. Men trur naboeffekten er vel så viktig.

Ole Henrik Hannisdahl

Prosjektleiar i Grønn Bil, Ole Henrik Hannisdahl.

Foto: Grønn Bil

– Når naboen din kjem på besøk og fortel han har kjøpt ein elbil som han er veldig fornøgd med, så er det mykje lettare for folk å gå å teste ein elbil etterpå, seier Hannisdahl.

Elbil er ikkje lenger berre eit Oslo-fenomen. For fire-fem år sidan blei fire av fem elbilar selt i Oslo og Akershus. Slik er det ikkje lenger. No blir dei fleste elbilane selt andre stader.

– Så langt i 2014 er tre av fem elbilar selte utanfor Oslo og Akershus, seier Hannisdahl.

Og det er ikkje berre i distrikt med bomstasjonar folk kan spare pengar på å bruke elbil.

– Køyrer du 15.000 kilometer i året får du ei straumrekning på 3000 kroner med ein elbil, mens rekninga for bensin eller diesel vil vere vesentleg høgare, seier Hannisdahl.

Elbil er bil nummer to

Det er Nissan Leaf som er den mest populære elbilen med Tesla på andre plass, og Mitsubishi, Peugout og Citroën på dei neste plassane, ifølgje statistikken til Grønn Bil. Men no har også Volkswagenkonsernet tatt opp konkurransen med elmodellane Volkswagen e-Up og den nye e-Golf.

Jarle Midtbø, salssjef Skien Bil

Salssjef i Skien Bil, Jarle Midtbø, den nye elbilversjonen av Golf vil bli populær.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Skien Bil sel den elektriske bilen Volkswagen e-Up, og opplever at interessa for elbilar er aukande. Og særleg med tanke på at den populære Golfen også kjem som elbil.

– Det er vel i første rekkje dei som har ein bil nummer to for å køyre til skule, jobb og barnehage som kjøper elbil. Men også dei som pendlar mot Larvik, Sandefjord og Oslo som ønskjer å kome billigare frå det med bompengar og drivstoffutgifter, seier salssjef Jarle Midtbø.

Han trur det vil bli endå større interesse for elbil om det kjem fleire ladestasjonar, og i første rekkje hurtigladestasjonar som kan lade elbilen på ein halv time. Midtbø seier at Volkswagen reknar med å selje 2000 nye bilar i 2014 av den nye e-Golf som kjem til Telemark i juni.

– Volkswagen opplevde ein eventyrleg start på salet av den nye e-Golf, og har teikna sju hundre salskontraktar første veka den blei lagt ut for sal, seier Midtbø.

Langt igjen til målet

I slutten av mars 2014 var det registrert 25.710 elbilar og 1.176 plug-in hybridar her i landet. Det utgjer for første gong ein prosent av bilparken.

I mars var elbildelen av nybilsalet på tjue prosent av det totale nybilsalet på 13.861 bilar, ifølgje frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

– Men sjølv om alle bilane som blir selt i 2014 hadde vore elbilar, så ville det framleis tatt 18 år før alle bilane på vegen blir elektriske, seier Hannisdahl i Grønn Bil.

Målet til styresmaktene er 200.000 elbilar og plug-in bilar innan 2020. Det trur Grønn Bil er innan rekkevidd.

– Med den salsveksten vi har, bør det vere realistisk å nå målet, seier Hannisdahl.

Stefan Austad, elbileigar

Stefan Austad meiner det er enkelt å lade elbilen, men har sjeldan bruk for å lade i byen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

  • Stengt på grunn av fare for ras

    På fylkesvei 503 mellom Straume og Nutheim er veien i kveld blitt stengt på grunn av fare for ras.

  • Nyheter fra Buskerud, Vestfold og Telemark.
  • Nordberg blir kommunalsjef

    Erik Nordberg får tilbod om stillinga som kommunalsjef for helse- og velferd i Skien. Nordberg er 45 år, og jobbar no som fagsjef i helse- og velferdsetaten i Skien kommune.

  • Nyheter fra Buskerud, Vestfold og Telemark.