NRK Meny
Normal

Redd for ulovleg snøskuterkjøring

Vinje kommune fryktar mykje ulovleg køyring med snøskuter i vinter om ikkje kommunen får fortsette ordninga med fritidskøyring i eigne skuterløyper.

Snøskuter Vinje

Dette arkivbiletet viser spor etter ulovleg køyring med snøskuter i Vinje. Om ikkje kommunen får fortsette ordninga til vinteren kan det bli meir ulovleg køyring.

Foto: Statens Naturoppsyn

Den nye lova om motorferdsle i utmark er ikkje ferdig behandla i Stortinget etter at den utvida forsøksordninga blei stoppa. Vinje kommune har hatt ei prøveordning sidan 2003 som nå er trekt tilbake.

No fryktar kommunen at den nye lova ikkje blir behandla i Stortinget i haust. Og dersom den ikkje kjem før vinteren, er Vinje kommune redd det kan bli mykje ulovleg køyring med snøskuter til vinteren.

Det kjem fram i høyringssvaret til Klima- og Miljødepartementet frå påtroppande rådmann Jan Myrekrok.

– Vi hadde ein situasjon før prøveordninga med nokså lovlause tilstandar, seier Myrekrok.

Han meiner også at lova om motorferdsle i utmark i utgangspunktet har låg legitimitet i kommunen, og viser til at det var eit kjærkome tiltak å få kunne legge snøskuterløyper der det var lovleg med fritidskøyring på snøskuter.

Kommunehuset i Vinje

Vinje kommune har søkt om dispensasjon for å kunne fortsette prøveordninga med snøskuterkøyring.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Har snøskuterløyper

Vinje kommune meiner det bør leggjast vekt på at grunneigarane framleis skal kunne nekte skuterløyper på eigen eigedom og at innbyggjarar i kommunen skal ha førsterett på køyring.

Men kommunen er meir engsteleg for at vinteren kjem før lovforslaget er behandla ferdig i Stortinget.

Då står kommunen med 170 kilometer snøskuterløyper og 800 skutereigarar utan rett til å køyre, fordi dagens prøveordning med snøskuterkøyring er trekt tilbake.

Jan Myrekrok fortel at Vinje har tatt sine forholdsreglar.

– Vi trur det kan bli ein del ulovleg snøskuterkøyring. Men no har vi inne ein søknad om dispensasjon om å forlenge det gamle forsøket eitt år til, seier Myrekrok.

No håpar han at Klima- og Miljøverndepartementet vil svare ja på søknaden.

  • Nyheter fra Buskerud, Vestfold og Telemark
  • Odd vant kampen om stortalent

    Bilal Njie har skrevet under en treårskontrakt med Odd. Njie er 19 år og har vært ønsket av flere norske eliteklubber, blant andre Vålerenga. Odd-trener Dag-Eilev Fagermo sier 19-åringen valgte Odd fordi klubben satser på unge spillere. Bilal Njie er en lynrask kantspiller. Han er lillebror til Moussa Njie, som spiller for Stabæk.

  • Fri ferdsel forbi Norcem

    Det er nå fri ferdsel forbi Norcem i Porsgrunn etter at eit vogntog hadde problem opp bakken.

  • Brannen i Treungen er sløkt

    Brannen i ein einebustad i Treungen i Nissedal er sløkt. Brannen var i kjellaren på huset, og det skal ikkje ha vore menneske inne i bustanden da brannen braut ut.