NRK Meny
  • Erstatningskrav etter straumbrot

    Skagerak Energi reknar med å få ei rekke erstatningskrav etter straumbrota denne veka. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Folk som har vore straumlause i tolv timar eller meir har krav om minst 600 kroner. På det meste har fleire tusen husstandar i Grenland vore utan straum.

  • Alle får straum i dag

    Skagerak Energi reknar med å rette alle kjende feil i løpet av dagen. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes tek atterhald om at det kan vere feil i hus eller hytter som nettselskapet ikkje er kjent med.

    Thor Bjørn Omnes.
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Vil bygge hotell for kinesarar

    Selskapet Telemarksgata 11 vil byggje hotell med 150 rom i tilknyting til Ibsenhuset i Skien, skriv TA. Selskapet trur det kjem mange ibsen-turistar frå Kina når det nye biblioteket og besøkssenteret står ferdig.

  • Truga med å skyte politiet

    Politiet har arrestert ein mann på Akkerhaugen etter at han truga med å skyte politiet. Ingen er skadde i den væpna politiaksjonen. Politiet har beslaglagt eit våpen i huset der mannen blei arrestert. Mannen i 40-åra sit no arrestert i Skien.