Hopp til innhold

Ny CD-plate kvar dag i over tre år

RAULAND (NRK): I tre år og tre månader framover kan elevane og lærarane ved Høgskolen i Telemark spele ei ny plate kvar dag. Dei har fått ei privat CD-samling på om lag 1200 CD-ar med folkemusikk frå heile verda.

Overrekking av CD-samling

OVERREKKING: Det er Marit Christina Lie si CD-samlinga Institutt for folkekultur i Rauland fekk. Frå venstre Frode Nyvold, Marit Christina Lie og Kristoffer Berntsen.

Foto: Bodil Askvoll

Institutt for folkekultur i Rauland har fått ei privat CD-samling på rundt 1200 CD-ar.

– Dette er me veldig glade for her på Rauland, seier Bodil Askvoll, instituttleiar ved Høgskolen i Telemark.

Bruke i undervisninga

Bodil Askvoll og Kristoffer Berntsen

INSTITUTTLEIAR: Bodil Askvoll er glad for samlinga dei har fått.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Askvoll synest det er veldig bra for studentane at dei har fått denne CD-samlinga.

– CD-ane kan nok bli ein del av undervisninga. Me har nokre fag der det vil vere relevant å nytte dei, seier ho.

Berntsen legg til at mange av CD-ane kjem frå små plateselskap, so det er nok mykje som ikkje ligg på Spotify eller andre streamingtenestar.

Seks store boksar

Bibliotekaren ved Høgskolen i Telemark i Rauland har ein stor jobb framfor seg med å registrere CD-ane.

CDar frå CS-samling

INTERNaSJONALT: Musikken kjem frå alle verdas hjørner.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Det er mykje musikk me ikkje kjenner til, og det er heller ikkje alltid me forstår språket som står på CD-ane, seier Kristoffer Berntsen

Han fortel at han har grovrydda ut av ein av seks boksar, og der var det berre to av dei to hundre CD-ane i boksen dei hadde på biblioteket frå før.

Privat samling

Det er Martit Christina Lie som har donert CD-samlinga si til skulen. Ho har fått mykje gjennom arbeidet sitt med radioprogram som All verdens folkemusikk, Tropisk Aroma og Jungeltelegrafen, som er program om folkemusikk frå heile verda.

– Eg vonar han kan kome til nytte for musikkstudentane ved akademiet i Rauland og som dokumentasjon av Worldmusikkens fyrste år, skriv Lie.

Ho fortel at det interessante med hennar samling er at han har eit stort mangfald. Frå rein tradisjonsmusikk til mexikansk cumbia og hardbarka dansemusikk.

– Samlingen speglar musikkmarknaden slik han utvikla seg i perioden 1986 til 1999, då eg slutta i radioen og gjekk over til fjernsynet, skriv Lie.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark