NRK Meny
  • Bilulykke i Skien

    Det har vore ei trafikkulykke i Geiteryggdalen i Skien. Tre køyretøy er involverte, to av dei skal vera ukøyrbare. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

  • Snø på hustak i Rjukan

    Huseigarar i Rjukan sentrum bekymrar seg over snø og is på hustaka, skriv Rjukan Arbeidarblad. Problemet er spesielt alvorleg for butikkane i Sam Eydes gate og Storgata, der snøen kan rase ned på folk og bilar.

  • Brann i Treungen

    Naudetatane rykker ut til ein brann i ein einebustad i Treungen i Nissedal. Det skal ikkje vera menneske inne i bustaden.

  • Fryktar at alt hamnar i Tønsberg

    Hovudkontoret hjå Fylkesmannen i Vestfold og Telemark skal liggje i Tønsberg, og det er bestemt at ei avdeling skal liggje i Skien. Tillitsvalde i Telemark fryktar at det likevel ikkje kjem til å koma noko avdeling til Skien etter samanslåinga.