NRK Meny
  • Telemark Senterparti veks

    Telemark Senterparti auka medlemstalet til 845 medlemer i fjor. Det er femte året på rad at Telemark Senterparti aukar medlemstalet, opplyser fylkespartiet. Auken er størst i Vinje, der kommunepartiet fekk 23 nye medlemer.

  • Tok førarkortet frå 29-åring

    Politiet i Skien har teke førarkortet frå ein 29 år gamal mann frå Agder. 29-åringen køyrde bil i Skien sentrum utan å ha skrapa vindauga for snø og is. I fylgje politiet var det isfrie holet i frontruta på storleik med ei handflate.

  • Skagerak ber om hjelp

    Skagerak Energi brukar helikopter for å kartlegge feil på høgspentnettet etter snøfallet i går. Samstundes oppmodar selskapet kundar med feil på lågspentnettet om å melde frå, slik at selskapet også kan rette desse feila. Klokka 11 i dag hadde selskapet registrert 250 feil i Skien og Siljan.

  • Brøytebil fanga jente i snøhole

    Ei ni år gamal jente blei stengt inne i ei snøhole i Skien i går. Jenta leika i snøhola då ein brøytebil kom forbi og fylte opningen med snø. i fylgje politiet brukte foreldra 30 minuttar på å grave jenta fram.