Hopp til innhold

Glade for omkamp om eigedomsskatt

Hytteeigarar er glade for at Nissedal Arbeidarparti varslar omkamp om innføring av eigedomsskatt.

Hytteeier i Nissedal

Talsmann for hytteeigarane i Nissedal, Sveinung Wiig Andersen, er glad for at Arbeidarpartiet vil ta omkamp om eigedomsskatten.

Foto: privat

Hytteeigarar i Nissedal er glade for at Arbeidarpartiet vil forsøke å stoppe eigedomsskatt i kommunen.

Av omsynet til kommunen sitt omdømme vil nå partiet ha omkamp om den omstridde skatten.

Må snu på fleire steinar

Talsmann for hytteeigarane Sveinung Wiig Andersen trur politikarane har lytta til hytteeigarane sine protester.

– Dei utspela som har kome frå ein del hytteeigarar er uttrykk for ein frustrasjon som eg trur politikarane ser alvoret i, seier Wiig Andersen.

Han trur det er eit resultat av dialogen hytteeigarar har hatt med politikarane og kommunen.

Halvor Homme.

Ordførar Halvor Homme i Nissedal.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Det har ført til at politikarane vil sjå på innføringa av eigedomsskatten ein gong til. Og sjå på om det er nokre fleire steinar dei kan snu på, seier Wiig Andersen.

Redd kva eigedomsskatt kan føre til

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme, seier at partiet var imot innføring av eigedomsskatt i budsjettarbeidet før jul, og er framleis mot eigedomsskatt.

– Vi meiner det er innsparingspotensiale i kommunen. Men vi legg ikkje skjul på at ein av grunnane til at vi er imot er at Nissedal er ein flott reiselivskommune, og vi er redd for kva innføring av ein slik skatt kan føre til, seier Homme.

Ordføraren seier at kommunen er avhengig av eit godt forhold til hytteeigarane, og vil framleis vere ein flott reiselivskommune.

– Og då må vi ikkje innføre skatt eller reglar som verkar mot dette, seier Homme.

Homme seier at Arbeidarpartiet heller ikkje har skifta standpunkt når det gjeld skulestrukturen i kommunen.

Ønskjer ikkje ein ny tøff haust

Anne-Nora Oma Dahle

Gruppeleiar for Senterpartiet, Anne Nora Oma Dahle.

Foto: Sjur Ø. Knudsen / NRK

Anne Nora Oma Dahle i Nissedal Senterparti høyrer til fleirtalet som innførte eigedomsskatt i kommunen i fjor. Ho er overraska over at Arbeidarpartiet vil ha omkamp, og meiner det er viktig å ta omsyn til det vedtaket som er gjort.

– Eg minnes ein tøff haust i fjor med budsjettarbeidet, og er ikkje trygg på at vi er i hamn med det enno, seier Oma Dahle.

Ho seier at Senterpartiet vil ha ein gjennomgang av drifta i kommunen, men fekk ikkje fleirtal for det.

– Då stod vi igjen med å innføre eigedomsskatt. Per i dag har vi ikkje oversikt over kor det er mogleg å spare.

Oma Dahle meiner kommunen er attraktiv for hytteeigarar, og trur at Arbeidarpartiet også ønskjer å gjere noko med skulestrukturen i kommunen.

– Og eg ønskjer ikkje nokon omkamp med same temperaturen som i fjor haust rundt skulestrukturen, seier Oma Dahle.

Her kan du høyre heile debatten:

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark