Hopp til innhold

Odd finpussar formen på naturgras i Kongens by

Odd-spelarane er i København for å spisse formen før cupfinalen mot Molde.

Odd har kunstgress hjemme, derfor reiser de til København for å forberede seg til cupfianlen som går på naturgress.
Reporter: Roald Marker
Foto: Roald Marker / redigering: Monica Ruiz Biern

Odd ladar opp til cupfinalen mot Molde i København. Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo seier laget får trene på viktige ting.

Laget skal trene i København i tre dagar. Og hovudpoenget med å vere i Kongens by er å trene på naturgras.

– Det er kjekt å kome på gras og få kjenne på korleis det blir i cupfinalen, seier Fredrik Oldrup Jensen.

Det er Ståle Solbakken, trenar for FC København, som har invitert Dag-Eilev Fagermo til København for å trene før cupfinalen på søndag.

– Eg er veldig glad for å vere her. Det er viktig å trene på gras, for det er noko heilt anna enn kunstgraset heime i Skien, seier Fagermo.

Får jobbe godt

Grasbanen i København Odd-spelarane får trene på er ikkje all verda, nå langt ute i november. Men Odd-trenaren er likevel nøgd.

– Vi får likevel jobba godt med dei tinga vi treng, seier Fagermo til NRK.

FC Københavnspelar Tom Høgli er litt misunneleg på Odd. Han har aldri vore i den norske cupfinalen.

Han var i troppen til Bodø Glimt i 2003 då dei var i cupfinalen, men såg kampen frå tribunen.

– Det blir ikkje større enn det her for ein norsk spelar, seier Høgli.