Hopp til innhold

Ordføraren: – Her går det veldig fort

Notodden får eit asylmottak med plass til 160 flyktningar i sentrum av byen. Mottaket kjem i tillegg til dei to som er på Bolkesjø og Notodden hotell.

Notodden får eit asylmottak med plass til 160 flyktningar i sentrum av byen.

Gry Fuglestveit Bløchlinger er ordførar på Notodden, og skulle gjerne hatt informasjon tidlegare om kor mange flyktningar kommunen skal ta imot.

Tysdag ettermiddag fekk ordførar på Notodden, Gry Fuglestveit Bløchlinger, vite at kommunen skal ta imot 160 nye flyktningar og asylsøkarar. Innan slutten av neste år vil det komme i alt 880 flyktningar til kommunen.

Asylmottaket kjem utan at saka har vore politisk behandla i kommunestyret.

– Her går det veldig fort. Akkurat no er det litt kaotisk, for nå skal vi ta i mot fleire flyktningar enn vi har visst om dei siste dagane.

Ordføraren seier ho får mange telefonar frå folk som blir uroa.

– Dei lurar på kva dette er, seier Fuglestveit Bløchlinger.

Ordføraren prøvar å roe folk ned og fortelje at kommunen har kontroll på situasjonen.

– Men eg vil oppmode UDI og Hero til å kome i forkant framover med god informasjon slik at vi kan forklare det for folk, seier ho.

Får konsekvensar for kommunen

Så mange flyktningar får konsekvensar for kommunen, seier den ferske ordføraren.

– Vi må sjå på skulesituasjonen, helse, vaksenopplæringa og dei tenestene som det blir kravd at vi som kommune skal stille opp med, seier Fuglestveit Bløchlinger.

Det nye aylmottaket i Notodden sentrum skal ha plass til 160 personar. Det kjem i tillegg til asylmottaket på Bolkesjø og på hotellet i sentrum. Og totalt vil kommunen ta i mot mellom 800 og 900 flyktningar innan slutten av neste år-

– Det kjem veldig raskt, og eg veit ikkje ein gong når det blir sett i gang, seier Fuglestveit Bløchlinger.

Ordføraren fortel at administrasjonen vil sjå på korleis kommunen skal handtere den situasjonen dei er kome opp i dei næraste dagane.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark