NRK Meny
  • Front mot front

    To personbilar har kollidert front mot front like ovanfor Gaustablikk skianlegg. Det var fire personar i bilane, alle er ute. Det er meldt om personskade og store materielle skadar på bilane. Naudetatane rykkjer ut.

  • Trafikkulykke ved Gaustablikk

    Tinn brannvesen reiser til ei trafikkulykke ved Gaustablikk Skisenter. Det skal vera to køyretøy involvert.

  • Mykje snø på E18

    Det er mykje snø på E18 i Telemark og Agder. Avpass farten. Brøytebilar er ute, men det er vanskeleg å få fjerna snøen fort nok.

    Laster Twitter-innhold