NRK Meny
Normal

Mistenkeleg dødsfall i Skien

Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall i Skien. Operasjonssentralen fekk melding om død person måndag morgon.

Drapsåsted, Gulset Skien mars 2016

Ein 83 år gamal mann blei funnen død i dette huset på Gulsetveien i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sør-Øst politidistrikt Telemark skriv i ei pressemelding at operasjonssentralen i Telemark tok imot i dag kl. 0914 melding om eit mistenkeleg dødsfall på Strømdal i Skien.

– Ein 83 år gammal mann er funnen død på sin bustad, opplyser politiinspektør Odd Skei Kostveit, leiar Felles kriminalenhet.

Politiet har starta tekniske undersøkingar på staden og gjennomfører rundspørjing i området.

Dei tekniske undersøkingane og avhøyr av vitne fortset utover ettermiddagen.

Mistenkelege funn på staden

Georg Andersen, politioverbetjent

Politioverbetjent Georg Andersen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Politioverbetjent Georg Andersen er ansvarleg for etterforskinga av dødsfallet fortel at politiet fekk melding om at mannen blei funnen død i huset der han bur på Strømdal i Skien.

– Det er funn på staden, og omstenda rundt dødsfallet som gjer at politiet ser på det som eit mistenkeleg dødsfall, seier Andersen til NRK.

Politiet har sett i gang etterforsking, men vil ikkje gå i detalj om kva som er funne på staden. Kriminalteknikarane jobbar framleis på staden, og politiet skal fortsette med vitneavhøyr og rundspørjing i området.

– Det er vitne politiet ikkje har snakka med, seier Andersen.

Den 83 år gamle mannen er ikkje kjent for politiet frå tidlegare. Andersen seier at politiet ventar å få den mellombels obduksjonsrapporten tysdag føremiddag.

Varden skriv at det var heimehjelpa som fann mannen, og gav beskjed til dei pårørande.