Hopp til innhold

Kommunen innrømmer for høg eigedomsskatt

Rådmannen i Hjartdal vil redusere inntektene frå eigedomskatten med 4,5 millionar kroner. Kommunen innrømmer at store hytter og store bustader har fått for høg skattetakst.

Kommunehuset i Hjartdal

Rådmannen i Hjartdal foreslår å redusere eigedomsskatten etter at meir enn ein tredjedel av skattytarane har klaga.

Foto: Anne Lognvik

I vinter og i vår har rundt 1000 personar klaga på eigedomsskatten i Hjartdal. Kommunen har nå behandla klagene, og onsdag la rådmann Rune Engehult fram si nye tilråding for utskriving av eigedomsskatt i kommunen.

– Vi har sett på alle klagene samla, og har gjort ei kollektiv klagebehandling, seier Engehult.

Les forslaget her: Eigedomsskatt i Hjartdal

Reduserer skattesatsen

Analysen kommunen har gjort, viser at store hytter med høg standard, store bustader og store tomter har fått for høg skattetakst i forhold til omsetningsverdien.

– Derfor gjer vi ei ny vurdering av rammer og retningsliner som ei generell klagebehandling, seier Engehult.

Nils Olav Hovde, Olaf Bekkhus, Rune Engehult og Sven Tore Løkslid

Det var eit felles møte mellom formannskapet, sakkunnig nemnd og sakkunnig klagenemnd i Hjartdal som ville ha ein ny gjennomgang av eigedomsskatten. Frå venstre Nils Hovde, leiar i sakkunnig klagenemnd, Olaf Bekkhus, leiar i sakkunnig nemnd, rådmann Rune Engehult og ordførar Sven Tore Løkslid.

Foto: Hjardal kommune

Skattesatsen blir også redusert frå 3,9 til 2,9 promille i forslaget frå rådmannen. Det er no to møter som skal handsame forslaget frå rådmannen. Først skal skattenemndene handsame reviderte rammer og retningsliner som ligg til grunn for takstvedtaket.

– I tillegg har kommunestyret ansvaret for det samla skattetrykket, og for inntektene kommunen skal få. Og viss skattenemndene godkjenner opplegget for ny eigedomsskatt, kjem saka til kommunestyret, seier Engehult.

Store eigedomar får størst endring

Rådmannen seier at dei nye retningslinene vil ha betydning for alle hus og hytter i kommunen, dersom det blir vedteke i kommunestyret.

2,5 millionar kroner i reduserte inntekter frå eigedomskatten er knytt til reduksjonen i skattesatsen frå 3,9 til 2,9 promille. Og resten i endra retningsliner for utskriving av eigedomsskatt.

Til saman blir eigedomsskatten redusert med 4,5 millionar kroner.

– Det vil variere frå eigedom til eigedom kor mykje det vil slå ut for den enkelte i kroner og øre. Men det er dei største eigedomane som vil få den største endringa, seier Engehult.

Hjartdal kyrkjebygd

Dei nye retningslinene for eigedomsskatt vil ha betydning for alle hus og hytter i Hjartdal,. Biletet er frå kyrkjebygda i Hjartdal.

Foto: Aud Torild Stensrød

Håpar hytteeigarane blir nøgde

Rådmannen håpar hytteeigarane og dei andre som har klaga på eigedomsskatten skal vere nøgde med dei endringane som er gjort.

– Vi har fått tilbakemeldingar i prosessen om at det er aksept for at det blir innført eigedomsskatt i Hjartdal, men at nivået var for høgt. Og det er blitt peika på at eigedomar har blitt behandla ulikt i kommunen, seier Engehult.

Rådmannen har også signalisert for kommunestyret ei kuttliste for korleis kommunen kan dekke inn 4,5 millionar kroner i tapte skatteinntekter etter endringa.

– Smørbrødlista inneheld ei mogleg kuttliste på om lag åtte millionar kroner. Nokon av dei er omfattande og har ein konsekvens i andre enden, men det blir opp til kommunestyret å velje blant tiltaka, seier Engehult.

Kommunestyret har møte onsdag 18. juni.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark