Mette Nord inn i sentralstyret i Arbeiderpartiet

Mette Nord frå Porsgrunn kan bli vald inn i sentralstyret i Arbeiderpartiet på det ekstraordinære landsmøtet.

Mette Nord, ny leiar i Fagforbundet

Mette Nord kan erstatte Jan davidsen i sentralstyret i Arbeiderpartiet.

Foto: Anne Lognvik / NRK
Ragnar Luraas
Journalist

Kilde: NTB/NRK

LO kan kome til å skifte ut to av sine medlemmer i sentralstyret i Arbeiderpartiet under det ekstraordinære landsmøtet i juni, melder VG.

Arbeiderpartiet sitt landsmøte i 2013 blei halde før LO-kongressen der Gerd Kristiansen blei vald til ny leiar.

Ap valde difor dåverande LO-sekretær Trine Lise Sundnes til sentralstyremedlem etter Roar Flåthen.

Nå kan Kristiansen komme til å erstatte Sundnes alt under det ekstraordinære landsmøtet i juni, melder VG.

Avisen viser til at suppleringsval til sentralstyret er oppført på dagsordenen i tillegg til val av ny leiar.

Også Jan Davidsen, tidlegare leiar av Fagforbundet, kan kome til å bli erstatta i juni. LO-forbundet sin nye leiar Mette Nord vil i så fall bli vald inn i sentralstyret.