Melder seg ut av KrF: – Løftebrot å forhandle med Frp

Tidlegare sentralstyremedlem og vara til Stortinget gjennom 10 år, Hanne Thürmer melder seg ut av KrF. – Trist å miste Hanne, seier stortingsrepresentant.

Hanne Thürmer

MELDER SEG UT AV KRF: Hanne Thürmer melder seg ut av KrF og inn i Senterpartiet. Regjeringssamarbeid med Frp og abortspørsmålet er ei viktig årsak.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Hanne har gjort ein veldig god jobb for KrF i mange år, både som vara til Stortinget og som lokalpolitikar, seier Geir Jørgen Bekkevold, stortingsrepresentant for Telemark KrF.

Han synest det er leit at Hanne Thürmer melder seg ut av partiet og inn i Senterpartiet. Thürmer sjølv grunngjev utmeldinga dels med at KrF har vald å forhandle om eit regjeringssamarbeid med Frp, og dels at partiet gjer abortsaka til ei hovudsak i forhandlingane.

– Det er blitt den dominerande saka. Mitt engasjement er helst arbeidsplassar, næringsliv og barna sin situasjon. Eg er ikkje med i politikken for ei enkelt sak, seier Thürmer til NRK.

Ho opplever det slik at fleirtalet i partiet er mest opptekne av å få til noko i abortspørsmålet, og ikkje heilskapen.

Geir Jørgen Bekkevold

TRIST: Geir Jørgen Bekkevold, stortingsrepresentant for KrF i Telemark, synest det er trist at Hanne Thürmer melder seg ut av partiet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Forhandle med Frp er eit løftebrot

Hanne Thürmer seier at hovudgrunnen til at melder overgang til Senterpartiet er at ho over tid er blitt meir og meir einig med partiet i den sentrale politikken. Ho har i tillegg god erfaring med å samarbeide med Sp frå lokalpolitikken på Notodden.

– Så var det eit tilleggsmoment at i dag startar regjeringsforhandlingar med Høgre, Venstre og Frp. Og det at Frp er med, meiner eg er i strid med det vedtaket partiet har gjort tidlegare.

Thürmer meiner KrF heilt klart lova veljarane å ikkje gå i regjering med Framstegspartiet, men gjerne saman med Høgre og Venstre.

Hanne L. Thürmer (KRF)

Hanne Thürmer har god erfaring med å samarbeide med Senterpartiet og dei andre raudgrøne partia i lokalpolitikken på Notodden.

Det var avisa Telen som først omtalte saka.

Forplikta på KrF sitt program som vara

Det er ikkje vanleg at politikarar med verv på Stortinget skiftar parti midt i ein periode. Bekkevold seier i ein SMS til NRK at ein nå må drøfte korleis den situasjonen skal løysast.

– Vi må sette oss ned og drøfte korleis det skal løysast. Ho er vald inn som 1. vara på KrF sitt program. Men eg kjenner Hanne som ein ryddig person, og vil takke for mange års innsats for KrF.

Thürmer seier sjølv ho kjem til å stemme som ein KrF-representant om ho blir kalla inn som vararepresentant på Stortinget for Geir Jørgen Bekkevold.

– Eg er forplikta av det programmet eg er vald inn på Stortinget for. Men eg har ikkje blitt innkalla ein einaste dag i 2018, avsluttar Hanne Thürmer.