Mann frå Sverige omkom
Det var ein 53 år gamal mann frå Strømstad i Sverige som omkom då eit vogntog velta ved Vinje kyrkje på E134 i går. Lensmann Trond Neri Flothyl seier at vogntoget velta i ein høgresving, og mannen kom i klem inne i førarhytta.